MENY

Distriktsvenlege helsesjukepleiarar

I samarbeid med regionane Lindesnes, Lister og Setesdal etablerte UiS i 2017 ei desentralisert utdanning. No kan desse studentane feire kvalifikasjon som helsesjukepleiar.

  • Nyutdanna helsesykepleiarar
    Nye helsesjukepleiarar vil styrke tilbodet i 15 kommunar i dei tre regionane.
  • lindesnes fyr
    Studentane vart feira med markering på Lindesnes fyr, og middag på Havhotellet.
  • Tale fra student
    Ein av studentane parodierte faglærarane ved UiS til stor latter frå salen.

Regionane Lister, Lindesnes og Setesdal tok initiativ til tilbodet for å styrke rekruttering til stillingar innan helsestasjon og skulehelsetenesta i kommunane, og for å auke kompetanse og innsats på førebyggande arbeid til barn og unge, og utsette grupper i samfunnet.

– Samarbeidet med UiS har gitt 15 kommunar i dei tre regionene 22 kvalifiserte helsesjukepleiarar. Det er unikt. Med fleire kvalifisert medarbeidarar er kommunane i stand til å følgje opp statlege satsingar og dekke dei manglarkommunane har slitt med over tid, seier Per Storetvedt, rådgjevar i Kompetansesenter Sør, som har vore UiS sin kontaktperson i regionane.

Stort behov for helsesjukepleiarar

Det er som kjent stor mangel på helsesjukepleiarar i Noreg. I Lindesnes, Lister og Setesdal var det totalt for få personer med godkjent helsesjukepleiarutdanning for å dekke eksisterande stillingar.

– Det var først når eg fekk førespurnad frå to ulike hold i Lindesnesregionen at det blei meir fokus på helsesjukepleiemangelen. Me hadde tidlegare hatt betydeleg fokus på sjukepleiarar knytta opp til samhandlingsreforma, forklarar Storetvedt.

I tillegg var fleire kommunar i ferd med å opprette nye stillingar for å styrke førebyggande arbeid som følgje av nasjonale satsingar.

– Mangel på kvalifiserte helsesjukepleiarar blei tydeleggjort av den statlege satsinga på denne gruppa då kommunane ikkje klarte å nyttiggjøre seg dei betydelige midla som blei stilt til disposisjon fordi helsesjukepleiarar var ein mangelvare. I kontakt med helsenettverka i regionene vart det avdekka at det var tilsett 12- 14 sjukepleiarar i helsesjukepleiestillingar utan å ha formalitetane i orden.

Samarbeidsprosjekt

Mange har eit stort ønske om å bli helsesjukepleiar, og fleire sjukepleiarar har òg behov for formalkompetanse i jobben dei alt er i. Dette resulterer i stor konkurranse om tilgjengelege studieplassar og høg poenggrense for opptak.

Ein måte å kvalifisere dei som allereie var tilsett i helsesjukepleiarstillingar i samarbeidsregionane, samt utdanne nye helsesjukepleiarar frå lokalmiljøet, var ein prosjektordning med desentralisert studietilbod i samarbeid med UiS. Minst ein studieplass på det desentraliserte løpet var reservert søkarar frå kommunar i desse regionane.

– Eit vellykka prosjekt som blei kombinert med vårt ordinære studie. Kjekt å bidra til at fleire distriktskommunar får kvalifiserte helsesjukepleiarar, dette vil forhåpentlegvis styrke barn, unge og familiars helse samt kunne bidra til moglege praksisplasser for kommande studentar i regionen, slik summerer Marit Alstveit, studieprogramleiar for helsesjukepleieutdanninga ved UiS, opp erfaringane frå prosjektet.

Desentralisert studium

– Ønske frå regionane kom i ei tid då me la om utdanninga til eit masterstudium. Dette innebar endringar i studieopplegget og nye utfordringar, seier Alstveit.

Dei desentraliserte studentane har hatt dels nett- og samlingsbasert undervising på campus Ullandhaug. Studentane har gjennomført sine praksisperiodar ved helsestasjonar og i skulehelsetenesta i distrikta. Studentane oppnår kvalifikasjon som helsesjukepleiar ved fullført deltidsstudium etter to år ved UiS, men dei kan òg velje å fullføre med mastergrad etter tre studieår.

– For at studentane skulle ha delar av studiet desentralisert, måtte blant anna nokre av førelesningane bli tilbydd via streaming. Prosjektet kunne ikkje blitt vellykka utan velvilje både frå vitskapelig tilsette og studentane. Det har vært kjekt å få tettare samarbeid med regionen og eldsjeler som ser viktigheten kvalifisert helsepersonell i distrikta, avsluttar Alstveit.

Tekst: Cathrine Sneberg
Foto: Rebecca A. Esaiassen