MENY

Doktorgrad om gasshydrat-inhibitorar

Lilian Strand Ree har forsvart doktorgraden ved Universitetet i Stavanger med ei avhandling om kjemikal som kan hindre danning av gasshydrat.

Gasshydrat er is-liknande faste stoff som kan bli danna når naturgass og vatn blir utsett for høge trykk og lave temperaturar på sjøbotnen. Dette kan tette røyrleidningar og hindre produksjon og transport av olje og gass.

For å hindre danning av gasshydrat blir det brukt store mengder kjemikal som fungerer som frostvæske. Dette er ikkje gunstig verken frå eit økonomisk eller miljøsynspunkt.

Eit alternativ er å nytte kjemikal som kan doserast i mykje lågare mengd, for eksempel kinetiske gasshydratinhibitorar (KHI-ar). Desse kan brukast saman med eller i staden for frostvæsker for å redusere kjemikalforbruket. Men på grunn av strengje miljøkrav er det få kjemikal av denne typen som blir nytta i Nordsjøen i dag.

Meir miljøvennlege 

Det er også eit behov for å betre forstå korleis KHI-ar fungerer slik at meir effektive kjemikal kan utviklast. Gjennom forskinga si har Strand Ree identifisert nye KHI-ar som effektivt forhindrar danninga av gasshydrat. Forskinga har også identifisert ein ny type KHI som kan vere eit utgangspunkt for utviklinga av meir miljøvennlege KHI-ar.

Strand Ree har studert ei rekke forskjellige KHI-ar. Nye typar er blitt framstilt, deretter er dei blitt testa i småskala eksperiment på laboratoriet for å sjå kor godt dei forhindrar danninga av gasshydrat.

Doktoravhandlinga kan hjelpe med forståinga av korleis KHI-ar faktisk fungerer, og på den måten vere til hjelp for å kunne utvikle meir effektive kjemikal.

Om doktoranden:

Lilian Strand Ree er 33 år og kjem frå Sandane i Sogn og Fjordane. I dag bur ho på Bryne og jobbar som produksjonskjemikar i Aker BP. I tillegg til doktorgraden frå UiS er ho utdanna sivilingeniør i kjemi og bioteknologi frå NTNU.

Disputasen fann stad ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet 6. desember 2019. 

Lilian Strand Ree

Lilian Strand Ree