MENY

Ein stad å vere – ein stad å lære

Universitetsbiblioteket i Stavanger er ein arena for informasjon og kunnskap. Dei lyse og moderne lokala er også ein populær møteplass og arbeidsstad for studentar.

For eit halvt år sidan opna Universitetsbiblioteket dørene til nye og forbetra lokale. Etter ei omfattande rehabilitering har fire bibliotek blitt til to, opningstidene er utvida, og fasilitetane er opprusta.

Hovudavdelinga er sentralt plassert på campusen til Universitetet i Stavanger, medan Institutt for musikk og dans i Bjergsted i Stavanger sentrum, husar ei eiga avdeling for musikk.

Ein tilretteleggjar
Universitetsbiblioteket si oppgåve er å leggje til rette for utdanning og forsking ved å skaffe til vege informasjon. Ressursmengda er stor, og det er mykje å ta av.

Boksamlinga tel 240.000 trykte og 25.000 elektroniske bøker, og biblioteket tingar kring 1.400 trykte og 7.500 elektroniske tidsskrift. Det som måtte mangle i hyllene, sørgjer bibliotekarane for å låne inn frå andre bibliotek.

– Det vi ikkje har, skaffar vi frå heile verda, lover bibliotekdirektør Espen Skjoldal.

Biblioteket har også ressursar i form av noter, filmar, musikk, offentlege utreiingar og oppslagsverk, samt alle masteroppgåver og doktoravhandlingar som blir avlagde ved UiS.

Ein stad å vere
I utforminga av lokala har arkitekten lagt til rette for at biblioteket både er ein stad for å lære og ein plass ein kan vere.
For dei som vil arbeide, finst det pultar med straumuttak, gruppebord, trådlaust nettverk, pc-ar og elektroniske hjelpemiddel.

For dei som søkjer sosialt samvær eller berre treng ein plass å vere, er dei trivelege lokala utstyrt med sofaer, aviskrok og ein ribbevegg å strekkje kroppen etter.

I ein sofakrok sit studentane Mads Bertin Ohnstad, Stine Bye og Martin Stokkan og les til eksamen i bedriftsøkonomi. Dei nyttar seg jamleg av biblioteket.

– Dette er eit fint bibliotek med eit godt tilbod. Eg er her mykje i samband med oppgåveskriving og nyttar meg særleg av pc-ar og tilgongen til Internett, forklarar Ohnstad.

– Eg besøker biblioteket først og fremst for å låne bøker og for å lese til eksamen, seier Bye og fortel at ho får god hjelp av dei tilsette til å finne relevant litteratur.

I ein behageleg stol sit avdelingsingeniør Per Jotun ved Institutt for data- og elektronikk og blar i magasin. Ein gong i veka tek han turen til biblioteket for å lese ferske tidsskrift og sjå etter nye bøker.

– Biblioteket har eit godt tilbod og eg finn alltid noko interessant her, seier Jotun.

God service
Etter at fire bibliotek blei til to er kompetansen blitt samla og bemanninga betre. Dei tilsette legg vekt på å yte god service overfor brukarane og er alltid villige til å svare på spørsmål, gi rettleiing og leite fram informasjon.

– Vi vil medverke til utvikling og produksjon av kunnskap ved Universitetet i Stavanger, seier bibliotekar Kathrine Remers Hanssen.
Biblioteket held jamleg kurs for studentar, tilsette og eksterne brukarar i korleis ein best nyttar bibliotektenester, bruk av informasjonskjelder, søking i databasar og kjeldekritikk.

– Vi er ein viktig ressurs i å heve brukaranes informasjonskompetanse. I ein digital kvardag treng mange hjelp til å søkje i dei elektroniske kjeldene, seier Skjoldal.

Ressurs for regionen
Sjølv om studentar og tilsette ved UiS utgjer majoriteten av brukarane, er biblioteket ved UiS ope for alle. Frå tid til annan legg barnehagar vegen innom hovudavdelinga på Ullandhaug for å lese barnebøker, og næringslivet nytter seg av bibliotekets mange tilbod.

– Vi ynskjer å vere ein ressurs for regionen. Få bedrifter har eiget bibliotek, og mange bruker oss for å skaffe seg den litteraturen dei treng, seier hovudbibliotekar Mona Henriksen.

Universitetsbiblioteket ved UiS er i stadig vekst og utvikling. I vår blei det lansert to nye tilbod, nemleg presentasjonar av bøker skrivne av forskarar ved UiS og døgnope digitalt bibliotek.

Sistnemnde gir studentar og tilsette tilgang til dei elektroniske bøkene, tidsskriftene og databasane til UiS kor enn i verda dei er.


TEKST: Ragnhild Thomsen Thornam
FOTO: Elisabeth Tønnessen