MENY

Eit driv etter å påverke

Den tidlegare sjeføkonomen og makroanalytikaren Klaus Mohn blir inspirert av å utdanne unge hovud. Som ny, tilsett rektor vil han setje fart og retning og ta Universitetet i Stavanger til nye høgder.

  • Portrett av Klaus Mohn ved bord
    – Vi skal vere ein attraktiv studie- og arbeidsplass, og ein attraktiv partnar å samarbeide med for næringslivet, seier UiS-rektor Klaus Mohn som no tek over stafettpinnen etter Marit Boyesen.
  • Portrett av Klaus Mohn ved bord med gestikulerande hand
    – Det er inspirerande å sitje på toppen og vere med å setje fart og retning, og ta oss til nye høgder, seier Mohn med stor tru på samarbeidet i den nye leiargruppa som tiltrer 1. august.
  • Portrett av Klaus Mohn med vei og tre i bakgrunnen
    Mohn har eit samfunnsengasjement som no kjem Universitetet i Stavanger til gode.

I berre skjorta, pent stappa ned i dongeribuksa, hiv han seg på sykkelen. Det er ein dag fri for regn, og Klaus Mohn tråkkar ståande opp Telegrafdirektør Heftyes vei, kneiken opp til høgre langs Ullandhaugveien. Han girar ikkje om til eit lågare gir. Det er fart, styrke og driv i kroppen. No skal han gje Universitetet i Stavanger (UiS) det same.

– Eg har mista kontrollen over tida mi, fortel mannen som fyrste august formelt går frå stillinga som professor ved Handelshøgskolen ved UiS til å bli rektor for heile universitetet. Kalenderen har vore fullbooka dei siste månadane. Han har førebudd seg til rektorgjerninga ved å ha møte med sju fakultet og ni stabseiningar. Han ser ikkje utmatta ut. Heller oppglødd og ivrig etter å ta fatt.

– Eg hadde ikkje reflektert nøye nok over mangfaldet i det vi held på med. Det er veldig inspirerande å treffe eit så breitt sett av kollegaer med eit stort spenn i faglege aktivitetar, med ulike kulturar og perspektiv, fortel Mohn og viser til to ytterpunkt:

– Vi har hard ingeniørutdanning på den eine kanten og utøvande kunst på den andre. Undervisingsformane er veldig forskjellige, tankesett rundt rekruttering og utdanning er også forskjellig. Også synet på arbeidslivet er ulikt, fortel den nye rektoren. Han trur fakulteta har mykje å lære av kvarandre og er alt i gang med å tenkje ut korleis universitetet kan bli betre på intern erfaringsutveksling og kvalitetsheving.

Fagleg fordjuping

Klaus Mohn har jobba som forskar ved Statistisk sentralbyrå og vore makroanalytikar i Den norske bank og kapitalforvaltar for Statoil (no Equinor), Noregs desidert mest verdifulle selskap og blant verdas 50 største selskap uavhengig bransje. Her var han også rådgjevar på konsernsjefens kontor, seinare sjeføkonom.

– Desse åra då eg gjekk i hælane til konsernsjefen og la til rette for agendaen og var taleskrivar og presenterte selskapet eksternt, har gjeve meg ein god ballast når eg no trer inn i stillinga som rektor, meiner mannen som er samfunnsøkonom med petroleumsøkonomi som sitt spesialfelt.

Det var det faglege drivet hans som fekk han til å ta ein doktorgrad ved UiS om investeringar i olje- og gassnæringa.

– Men eg er ein samfunnsvitar, seier han. Og let oss forstå at han ikkje er nokon «blåruss». Han har historie og engelsk i fagkrinsen, skjønt han var heile tida stemd for å ta samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole, med utviklingsøkonomi som spesialfelt.

Kvalitet og fagleg fordjuping har vore noko Mohn har strekt seg målretta etter heile livet.

– Når eg set meg noko føre, så ønskjer eg å bli god i det, seier Mohn som forlét Equinor til fordel for universitetet nettopp for å kunne fordjupe seg fagleg.

Kvalitet og omdømme

Det er historisk og gjennomgripande det som er i ferd med å skje. Klaus Mohn er den fyrste tilsette rektoren, og samstundes går universitetet over til heilt ny styringsform. Rektoren får med seg ei toppleiing med tre prorektorar; Astrid Birgitte Eggen blir prorektor for utdanning, Merete Vadla Madland blir prorektor for forsking, medan Rune Dahl Fitjar blir prorektor for innovasjon og samfunnskontakt. Alle tre prorektorane er professorar og svært meritterte leiarar som til saman representerer ei variasjon i kjønn, alder og utdanningsbakgrunn. Utanfrå-blikket er også teke vare på.

– Eg er viss på at vi kjem til å supplere kvarandre på ein god måte. Saman med desse ønskjer eg å bidra til å løfte universitetet sitt ry som ein attraktiv lærestad. Målet er å trekke til oss dei beste og mest motiverte studentane, dei beste forskarane og dei beste samarbeidspartnarane, seier Mohn.

At den nye rektoren har ambisjonar, vitnar også spørsmålet han ga dei tilsette på møta med han: «Korleis jobbar de med kvalitet?».

– Vi må våge å bli enda betre med det vi held på med. Vi må løfte kvaliteten. Då blir vi attraktive.

Sjølv skal toppleiinga bidra til å gjere dette ved å vere synlege.

– Vi skal ta ein nasjonal posisjon og bli meir til stades i samfunnsdebatten, seier Mohn, som ikkje kjem til å seie nei til Debatt 21 og Dagsnytt 18 om dei ringjer. Nyleg vart han intervjua i Verdibørsen på NRK 2.

Sjølv karakteriserer han seg som ein nyhendenarkoman. Oppteken av å halde seg oppdatert. Les nettaviser, følgjer sosiale mediar som Twitter. Og i helgene tek han seg tid til å lese papiraviser som Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid.

Klimaengasjert

Klaus Mohn er alt ein nasjonal profil. Han er ein attraktiv spaltist og foredragshaldar. Aktiv på Twitter, engasjert i samfunnsdebatten, blant anna som fast gjestekommentator i Aftenbladet og medspelar til Kåkånomics, økonomifestivalen som set nasjonal dagsorden og trekk til seg internasjonale storleikar.

Det siste halvåret har han gjort seg synleg som deltakar i regjeringas ekspertutval som skulle vurdere klimarisiko for den norske økonomien. Resultatet er NOU-en «Klimarisiko og norsk økonomi» som kjem med klar tale: Ei sentral oppgåve for politikken er å korrigere marknadssvikt og skape riktige insentiv.

– Eg har eit samfunnsengasjement. I mine tidlegare jobbar har eg alltid vore oppteken av korleis verda rundt meg påverkar verksemda og korleis ein bør respondere, forklarer petroleumsøkonomen som altså i seinare tid har engasjert seg i klimadebatten.

– Klimautfordringane er massive og olje- og gass-industrien har tøffe tak i vente. Harde politikk-tiltak vil krevjast framover og produksjonen av olje og gass på verdsbasis må ned dersom vi skal nå klimamåla. Det er ingen veg utanom. Alle knappar må trykkast på, det er ingen plass å gøyme seg!, sa han ansikt til ansikt med oljenæringa då han stod på podiet på advokatfirmaet Kluges oljekonferanse i Stavanger i mars.

Økonomen har fagleg tyngd og mot til å meina. Og han ønskjer å vere der det skjer. I slutten av mai deltok han på Driva-konferansen til det Stavanger-baserte Nysnø-fondet, der han også er styremedlem. Frå benkeraden under konferansen tok ein ny kronikk form, som vart publisert nokre få dagar seinare. Her tok han til orde for at staten må utnytte eigarskapen i næringslivet meir aktivt for å medverke til omstilling.

– Det er eit tankekors at veldig mange tenkjer at klima er den største utfordringa vi har hatt, men så finn ein ikkje mange eksempel på at staten tek ansvar og bruker sin kapital og sitt eigarskap til å bidra til omstilling. Det er i staden næringane sjølve som no ser ut til å ta alvoret inn over seg og gjere omprioriteringar. Viss staten har eit syn i denne samanhengen, så må dei investere litt mindre i næringar som ikkje representerer omstilling og tilsvarande meir i næringar som representerer innovasjon og endring, påpeiker Mohn.

Universitetets rolle

– Kva rolle skal universitetet ta når det gjeld omstilling?

– Verda har ei rekke utfordringar no om dagen som er godt summert opp i FNs berekraftmål. Desse er no på veg inn i utdannings- og forskingsstrategiar i Forskingsrådet og EU når det gjeld utformingar av programutlysingar. Dette må vi tilpasse oss, seier Mohn og viser til at universitetet er i gang med arbeidet.

– Vi har ein historikk som knyt oss til petroleumsnæringa, men no framover skal vi tenkje breiare både innan studium og forsking. Det viktigaste vi kan gjere er å gje dei unge ei utdanning som er fleksibel og som gjev dei valmoglegheiter. Ei utdanning som kan brukast i fleire samanhengar og som kan supplerast seinare gjennom eit godt etter- og vidareutdanningstilbod. Det skjer endringar i studieprogramma våre. Nokre av faga har fått endra namn og blitt meir retta mot energi i staden for å berre vere retta mot petroleum.

Meditasjonar ved elveleie

Oppveksten hadde han i Sandnes, men han tenkjer på seg sjølv som ein rogalending meir enn ein sandnesbu. Han har lite til overs for rivaliseringa mellom byane. Han bur på Våland i Stavanger og har hytte på Ådnøy i Sandnes kommune. Han trivst aller best når han er på tur i nærområda, men det aller gjevaste er fluefiske ved ei elv ei juninatt.

– Eg kan ikkje trekke fram ein ting ved fluefiske som er betre enn andre ting. Ein fisketur utan fangst er ikkje på nokon måte feilslått. Eg likar totalopplevinga. Fyrst gleder eg meg til turen. Så set eg pris på å vere ute i naturen, i eitt med elementa, lese elva og landskapet rundt. Kva kulp i elva er laksen mon tro? Det er som ei meditasjonsøving. Avkopling, seier Klaus Mohn som like gjerne fiskar åleine som saman med ein kamerat.

Skal gire opp

– Om ti år, kvar er universitetet då?

– Det har eg tenkt på. Kva er den vidløftige visjonen min? Eg har sagt at eg ønskjer å løfte omdømet og ryet til UiS. I dag er det eit skarpt skilje mellom dei nye og dei gamle universiteta, ikkje minst når det gjeld finansiering. Dette skiljet finst ikkje om ti år. Når folk ramsar opp dei klassiske universiteta, som UiO, NTNU og UiB, då vil eg at dei skal nemne oss i neste andedrag. Vi skal utvikle vidare det forspranget vi har til nokre av dei andre unge universiteta og løfte oss endå meir.

Den påtroppande rektoren har kunngjort at Studentorganisasjonen StOr blir innlemma på rektormøta. Det annonserte han frå talarstolen under rektorinnsettinga nyleg, til stor glede for avtroppande leiar og Arbeidsutvalet i StOr.

– Eg har alltid hatt tru på samarbeid i dei organisasjonane eg har jobba for. Studentane er den aller viktigaste gruppa, dei bidreg til viktige innspel til strategiane våre, og dei er våre viktigaste brukarar, held Mohn fram.

Mohn syklar heim frå jobb i god fart i oppoverbakkane, så vel som nedover bakkane på Ullandhaug. Han girar opp. Han har ikkje tid til å sykle på låge gir. Frå 1. august vil han ha med seg 12 000 studentar og 1600 tilsette på turen.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Mari Hult