MENY

Får hjelp til å planlegge digital undervisning

I planlegginga av haustsemesteret har UiS lagt til rette for at undervisninga skal vere god, uavhengig av om den skjer digitalt eller fysisk.

Tre personar står ved sida av kvarandre.   Daniel Mathiesen, Elizabeth Armstrong og Pattamawan J. Zilli (Uniped) tilbyr støtte i samband med planlegging og gjennomføring av digital undervisning i tida framover.

​​​​​​Elizabeth Armstrong studerte siste semester av praktisk-pedagogisk utdanning då ho i midten av mars fekk flytta undervisninga frå auditorium til Zoom. No er ho ein av dei som hjelper tilsette ved UiS å planlegge for digital undervisning til hausten.

- ​​​​​​​UiS planlegg for at deler av undervisninga hausten 2020 blir digital. I vår gjorde tilsette ved UiS så godt dei kunne, då dei i likskap med kollegaer over heile verda fekk endra undervisningskvardagen. Når vi no veit at hausten i alle fall blir delvis digital, kan vi legge til rette for at undervisninga ikkje blir tatt like på sparket som i vår.

Armstrong og to kollegaer som også var ferdig utdanna lærarar ved UiS i vår er difor no tilsett ved UiS  gjennom ei satsing for å heve den digitale undervisningskompetansen ved universitetet det neste året. Saman med Uniped, IT-avdelinga og NettOp er dei spydspissen i arbeidet med å ruste UiS-tilsette med praktisk digital støtte slik at kvaliteten på undervisninga kan løftast.

Mange vil ha hjelp

På tampen av vårsemesteret undersøkte UiS kor komfortable dei tilsette er med digital undervisning, for å kartlegge behovet for praktisk støtte. Over 350 tilsette svarte at dei ville veldig gjerne ha hjelp til arbeidet med å lage digitale undervisningsopplegg for hausten.

- Desse har vi tatt kontakt med. Ein del har vore innom oss allereie, og mange har vi avtalar med så snart dei er attende frå ferie, fortel Armstrong.

Tilbakemeldingane er svært gode, og dei tilsette som har fått støtte så langt har gitt uttrykk for at dei er takksame. 

- Vi opplever at det kjem inn folk med høge skuldrar som gruer seg til hausten. Dei går letta herifrå, med ein grei plan for korleis dei kan legge opp undervisninga og engasjere studentane det neste semesteret. Det gjer at eg er jo også glad på studentane sine vegne, sidan dei tross alt er dei som skal gjere seg nytte av undervisninga, seier Armstrong.

Saman med den tilsette ser dei på behova til den enkelte, og finn i fellesskap ut kva opplegg og verktøy som passar best. Dei jobbar tett med kollegaer på NettOp og IT-avdelinga, slik at både pedagogiske og tekniske behov blir møtt på best mogleg måte.  
- Målet er at kvar enkelt skal sleppe å måtte finne ut av digital undervisning åleine, og få ein litt enklare kvardag, samtidig som studentane blir møtt på ein god måte.

Han er verd si vekt i gull!

Sitatet kjem frå ein av dei om lag 40 som har vore innom Dataverkstedet på Universitetsbiblioteket så langt i fellesferien, og siktar til Armstrong sin kollega Daniel Mathiesen.

Den nyutdanna lektoren har i likskap med Armstrong og kollega Erik Winsnes erfaring som studentassistent i Didaktisk Digitalt Verkstad (DDV) ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

​​​​​​​​​​​​​​- Gjennom arbeidet i DDV har vi fått mykje praktisk erfaring med digitale undervisningsflatar og læringsteknologiar. Vi er vant med å kurse lærarstudentar og tilsette med å ta desse teknologiane i bruk i undervisninga, fortel Mathiesen.

At dei tre var sentrale i planlegginga og gjennomføringa av DDV sin digitale sommarskule i byrjinga av juni er også ei nyttig erfaring i arbeidet dei no står oppi.

Men kva er det eigentleg dei tilbyr?

- ​​​​​​​Kort oppsummert kan alle som skal undervise på UiS til hausten ta kontakt for å få hjelp til å legge til rette digitale undervisningsopplegg. Terskelen er svært låg. Det er lov å spørje oss om alt!

Det er viktig for UiS at ingen skal måtte grue seg til undervisninga til hausten, verken lærarane eller studentane som skal ta imot undervisning.

Tilbod heile 2020/2021

Tilsette i alle aldrar frå alle delar av UiS har nytte seg av tilbodet så langt. Nokre vil ha tips til korleis dei kan engasjere studentane og lage eit godt miljø, andre treng å diskutere korleis evaluering og oppmøte-krav best kan ivaretakast.

Det er verd å merke seg er at dette er ikkje berre eit sommartilbod. Armstrong og kollegaene er tilsette for eit år.

- Vi har opplevd at mange blir letta når dei skjønar at vi ikkje forsvinn når sommaren er over, og at dei kan kome tilbake til oss. Vi skal hjelpe fortløpande utover hausten etter kvart som ulike behov melder seg og vi kan hjelpe deg som kanskje skal undervise digitalt for første gong våren 2021, fortel Armstrong.

Studentperspektivet er ferskt

Det er berre ein drøy månad siden dei sjølv var studentar ved UiS, noko som betyr at dei sit med førsthandskjennskap og erfaring med å motta digital undervisning.

- Studentperspektivet er ei utilsikta, men veldig relevant, erfaring i denne jobben, smiler Armstrong.

Med PPU på vitnemålet såg ho føre seg å undervise elevar på vidaregåande frå hausten av, men slik vart det ikkje.

- ​​​​​​​Det er sjølvsagt litt rart når det kjem inn folk som underviste meg for kort tid sidan, for å få hjelp. Men det går bra, alle er innstilte på at vi må jobbe saman for å gjere undervisninga til hausten så bra som mogleg, seier ho.  

Dei tre har base i Dataverkstedet no i sommar, men dei er også mobile.

- Mellom anna drar vi til campus i Bjergsted, og vi møter folk på kontora deira. Vi har også vore på heimebesøk hos ein tilsett som ikkje hadde høve til å kome til campus. Fleksibilitet er viktig, slik at flest mogleg kan nytte seg av tilbodet om støtte, avsluttar Elizabeth Armstrong.