MENY

Fekk høgthengande forskingsmidlar

Eit større forskingsprosjekt innan miljøhistorie og eit forskartalent innan partikkelfysikk ved UiS har fått høgthengande FRIPRO-midlar frå Forskingsrådet.

Alexander Rothkopf og Finn Arne Jørgensen Alexander Rothkopf og Finn Arne Jørgensen har levert søknader i toppsjiktet når det gjeld forskingskvalitet. Det gjev fruktar.

Forskingsrådet offentleggjorde i dag kven som har fått innvilga sine søknadar innafor det som heiter Fri prosjektstøtte (FRIPRO) for 2019.

Det låg 870 millionar i potten og no har 107 grunnleggjande og banebrytande forskingsprosjekt rundt om i landet fått støtte.

To av desse prosjekta er knytt til Universitetet i Stavanger: Det miljøhumanistiske prosjektet «Locative Technologies and the Human Sense of Place: A History of Spatial Literacy, 1800-2020» leia av professor Finn Arne Jørgensen og kjernefysikk-prosjektet «Deep learning the real-time properties of strongly correlated quantum fields», leia av førsteamanuensis Alexander Rothkopf.  

Forskingsdirektør Troels Gyde Jacobsen ved Universitetet i Stavanger gratulerer dei to forskarane og fagmiljøa. Forskingsdirektøren er svært glad for uttellinga i FRIPRO.

– Dette er ein av dei arenaene for fri forsking hos Forskningsrådet der det er størst konkurranse. Dei to UiS-prosjekta som får støtte, høyrer til to ulike fagmiljø og begge har dei siste åra satsa målretta på å byggje opp høg forskingskvalitet. Årets løyving er eit signal om at dei har lukkast med det, seier han.

Les saka: 107 nye FRIPRO-prosjekter

Styrking av miljøhumaniora

I 2017 vart Finn Arne Jørgensen tilsett som professor ved UiS som den første norske professoren i miljøhistorie. Fagmiljøet veks ved UiS og no har Jørgensen sikra seg Fri prosjektstøtte i fire år framover. Det betyr at han og kollega Karen Lykke Syse ved Senter for utvikling og miljø ved UiO får ein postdoktor og ein doktorgradsstipendiat som skal vere med å fordjupe seg i menneskja si relasjon til teknologien, og heilt spesifikt: evna til å finne fram.

– Menneskja har brukt medieteknologi av ulike slag for å skape stadsans opp gjennom historia. T-ane som Turistforeininga har merka stiar med i over hundre og femti år, er ein teknologi som fjellvandrarar har brukt for å finne fram i landskapet. Det å spørje lokalkjende, bruke kartblad og hundar for å finne fram er andre døme på teknologiar menneskjer har teke i bruk. I dag bruker vi gjerne GPS for å navigere oss i landskapet, forklarer Jørgensen som skal sjå på både fjellvandrarar og bilkøyrarar.

Prosjektet er forankra i den miljøhumanistiske satsinga ved UiS og knytt til prosjektet The Greenhouse, etablert av professorane Finn Arne og Dolly Jørgensen. Tittelen på prosjektet er «Locative Technologies and the Human Sense of Place: A History of Spatial Literacy, 1800–2020.»

Grunnforsking på partikkelfysikk

34 unge forskarar fekk støtte i Forskingsrådets program: Unge forskartalent. Ein av dei er Alexander Rothkopf ved Institutt for matematikk og fysikk ved UiS. Dette er ei støtte som særleg vert gitt til forskarar som er i starten av forskarkarrieren.

Rothkopfs prosjekt ber tittelen: «Deep learning the real-time properties of strongly correlated quantum fields» og handlar om å forstå partiklar si vekselverknad under ekstremt høge temperaturar, slik som var tilfellet i det tidlige universet eller slik det er inni ei nøytronstjerne.

For å finne ut av dette treng ein å ta i bruk store datasimuleringar innan sterke kjernekrefter. Det har likevel vist seg at tradisjonelle metodar kjem til kort: Nytenking må til. Dette prosjektet går ut på å kople metodar frå «deep learning» i utrekningsprosessar.

Med midlane frå Forskingsrådet kan Rothkopf tilsette ein postdoktor og ein doktorgradsstudent i tre år framover. Slik blir det tyngde på forskingsideen til Rothkopf.

– Dette er gledeleg for heile instituttet og fagmiljøet i teoretisk subatomær fysikk, og da særskild ei anerkjenning av kvaliteten og kreativiteten i Alexander si forsking, seier instituttleiaren ved Institutt for matematikk og fysikk, Bjørn H. Auestad.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: UiS/Mari Løvås og Karen Anne Okstad