MENY

Fem millionar kroner ekstra til UiS

Kunnskapsdepartementet har løyvd fem millionar kroner til å styrkje UiS si satsing på helseutdanningar. Departementet tek sikte på at denne tilleggsløyvinga blir ei fast årleg tildeling til UiS.

Bilete av Iselin Nybø og Klaus Mohn

- For ei flott førjulsgåve. Denne tildeling sett me stor pris på, ikkje minst at dette er tenkt som eit permanent årleg tilskott på 5 millionar kroner. Helse er eit viktig satsingsområde med stort behov for styrking både med menneskelege og fysiske ressursar. Me har fleire tiltak på lista som pengane kan nyttast til - ikkje minst gjeld dette oppbygginga av medisinutdanninga og samarbeidet med Stavanger universitetssjukehus, seier ein glad UiS-rektor Klaus Mohn.

Framtidig medisinutdanning

– Det er eit stort behov for fleire helsearbeidarar i regionen, og desse pengane skal gå til å styrkje og byggje opp det helsefaglege miljøet ved UiS, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). Ho legg til at den årlege tildelinga skal øyremerkast medisinutdanninga permanent om UiS skulle få studieplassar i medisin.

– Eg er glad for at statsråden understreker at den årlege løyvinga skal nyttast til ei eventuell framtidig medisinutdanning ved UiS. Om UiS får medisinutdanning, vil heile kommune- og helse-Noreg få eit unikt studium som sett studenten i sentrum, med ein tydeleg teknologisk profil retta mot samfunnets behov for legar i spesialisthelsetenesta og fastlegar i primærhelsetenesta, slår Mohn fast.

– Teknologisk fortrinn

UiS-rektoren legg til at UiS-studiet òg vil vektleggje samarbeid mellom dei ulike helseprofesjonane og sette studentane i sentrum i gjennomføringa av undervisning og rettleiing.

– UiS har i dag eit teknologisk fortrinn og kan tilføre noko nytt til medisinutdanningane i Noreg gjennom det sterke teknologiske fagmiljøet vårt. I tillegg til ein verdifull tilvekst nasjonalt vil eit medisinstudium til UiS også bety mykje for styrkinga av helseområdet regionalt i form av tilføring av stillingar, forskingskroner og anna helserelatert knoppskyting i ein region med behov for omstilling og nye utviklingsmoglegheitar, understreker Mohn.

Store helsesatsingar

Stavanger-regionen har fleire store satsingar innanfor helseområdet. Tidlegare i haust opna HelseCampus Stavanger på Ullandhaug eit nytt test-, innovasjons- og simuleringssenter, og Helse Stavanger er i gang med fyrste byggjetrinn av eit nytt sjukehus i same område.

I statsbudsjettet for 2020 har regjeringa gitt støtte til at Helse Stavanger kan ta opp eit lån på 60 millionar kroner til tilleggsareal på 1200 m² i det nye sjukehuset. Der skal UiS leige areal til undervisnings- og forskingsformål og få 40 prosent i husleigekompensasjon.

– I tillegg får UiS 15 nye studieplassar og tre rekrutteringsstillingar på helseområdet i 2020-budsjettet, seier Iselin Nybø.