MENY

Forskarbesøk frå Japan

Dei to japanske forskarane Megumi Haruna og Masumi Imura besøker UiS frå onsdag 29. august. Under besøket vil dei presentere si forsking på ulike samanhengar mellom fødselsdepresjonar, amming og eting av sjømat.

Det er professor Elisabeth Severinsson og stipendiat Kristin Akerjordet ved Institutt for helsefag ved UiS som har invitert dei japanske forskarane til Stavanger. Besøket er starten på eit forskingssamarbeid mellom Japan og Noreg innanfor feltet fødselsdepresjonar.

Førsteamanuensis Megumi Haruna frå Universitetet i Tokyo og professor Masumi Imura frå International University of Health and Welfare i Kanagawa vil presentere si forsking på samanhengar mellom fødselsdepresjonar, amming og eting av sjømat i Kjell Arholms hus onsdag 29. august frå 12.30 til 13.45 i KA-037.

Inviterte gjester er master- og doktorgradsstudentar, stipendiatar og forskarar ved UiS.