MENY

Forskingsbasert utdanning på timeplanen

Det blei både djupdykk og hurtigpresentasjonar i forskingsbasert utdanning på SVs fagdag. Både minister og påtroppande rektor gir tommel opp for å sette temaet på timeplanen.

Iselin Nybø på talarstolen. Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Førre veke inviterte Det samfunnsvitskaplege fakultet til fagdag om forskingsbasert utdanning. Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø innleia med å vise til at ein viktig del av ei utdanning er å få innsikt i vitskapleg metode og korleis ein kjem fram til kunnskap. 

– Slik kan vi sikre eit arbeidsliv prega av forsking. Nyutdanna er det viktigaste bidraget til ny kunnskap i arbeidslivet. Det er ekstra viktig nå, i ei tid med mange endringar, sa ho.

Praksis og utveksling 

Nybø viste til arbeidet med to nye meldingar, den eine om praksis og arbeidsrelevans i utdanningane, og den andre om utveksling og mobilitet. Begge handlar om å kople utdanning og forsking, understreka ho. 

– Arbeidsrelevansmeldinga handlar om at praksis ikkje er godt nok integrert i utdanningar. Mange studentar får ikkje ei oppleving av kva kompetansen deira kan nyttast til når dei er ferdige å studere. Det er synd for dei, og for arbeidslivet, sa ho.

Ho oppmoda også til å i større grad invitere arbeidsgjevarar inn i undervisninga, som gjesteførelesarar og samarbeid om oppgåveskriving. 

– Undersøkingar viser at meir relevant arbeidslivserfaring i studiet er bra for gjennomføring og studentane kjem raskt i relevant arbeid, sa ho. 

Også målet om at fleire skal dra utanlands i løpet av studietida, må ha fagleg relevans.  

– Studentane skal ikkje reise berre for å reise. Det må vere eit poeng at det er ein del av studieløpet. Samarbeidsavtalar må også omfatte forsking, sa ho. 

Ministeren runda av med å rosa SV for sette av ein fagdag på temaet.  

– Det er bra at forskingsbasert utdanning er tema på denne fagdagen. Eg håpar de kan få tips frå kvarandre, til korleis utdanning kan bli endå betre, sa ho.  

Perspektiv, definisjonar og hurtigpresentasjonar 

Påtroppande rektor ved UiS, professor Klaus Mohn, er òg glad SV sette forskingsbasert utdanning på dagsordenen. Han understreka at sjølv om universitetet skal vera god på innovasjon og samfunnskontakt, er kjerneoppgåvene forsking og undervisning. 

Han presenterte tre perspektiv på forskingsbasert undervisning. Det konvensjonelle perspektiv handlar mellom anna om å sko studentar slik at dei forstår bakgrunnen for kunnskapsutvikling og som stiller spørsmål. Det pedagogiske perspektivet handlar om forsking i læringsmetodar og Mohn viste til at innovasjonsuniversitetet og burde vise att i utdanningsmetodar.  

Det siste perspektivet, utviklingsmessige perspektiv, handlar om at universitetet ikkje berre skal gi utdanning, men og vere med å bygge danning og karakter hjå studentane. 

– Kva mennesketypar vil framtidas arbeidsmarkand trenge, og korleis kan vi ruste våre kandidatar for dette? I ein moderne arbeidsmarknad blir samarbeidsevner, sosiale evner og emosjonell intelligens viktigare, sa han. 

Seniorrådgjevar Stein Erik Lid, frå NOKUT, tok føre seg definisjonar, forståing og historikk kring omgrepa forskingsbasert utdanning og FoU-basert utdanning. Vidare var det klart for sju hurtigpresentasjonar med eksemplar på forskingsbasert utdanning. 

To av presentasjonane blei gitt av studentar. Ruben Eggebø studerer statsvitskap og viste korleis han fekk forskingsbasert læring gjennom praksisopphald hjå fylkesmannen. Der fekk han nytte kompetanse, bygge nettverk og få verdifull erfaring. Han viste til at praksis er ein god måte for å lære kva teori frå studia kan nyttast. Itilegg står han igjen med større nettverk og datamateriale til bacheloroppgåva.

– Eg har fått erfaring frå datainnsamling til forskingsprosjekt, og innsikt i relevante stillingar statsvitarar kan ha. Det er ikkje alltid heilt tydeleg kva ein kan drive på med etter denne utdanninga. Praksis er ein fin måte å få innsikt i det, sa han.

Tekst og foto: Karoline Reilstad