MENY

Første heimekamp for UiS Volley

Laurdag spelar UiS Volley sin første heimekamp i Ynglingehallen. Sundag blir det kamp i Klepphallen.

UiS Volley skal denne helga møte to lag på heimebane. Laurdag klokka 15 møter dei NTNUI i Ynglingehallen, som ligg like ved Tjensvollkrysset. Sundag 4. oktober kjem Steinkjer-laget Stod for å møte UiS Volley i Klepphallen. Også denne kampen starter klokka 15.

Forrige helg imponerte UiS Volley då dei gjorde reint bord på bortebane. Laurdagen slo dei fjorårets seriemeister og cupmeister Koll, og sundagen slo dei fjorårets nummer to i cup og serie, Oslo Volley. Volleyjentene vann begge kampane 3-0.

Kom og sjå!