MENY

Forureining i Europa før 1900

Under Utsteinseminaret den 8. og 9. februar vil professor i miljøhistorie Geneviève Massard-Guilbaud frå L'École des hautes études en sciences sociales (EHESS) i Paris presentere sitt prosjekt om forureining i europeiske byar sett i eit historisk perspektiv.

Den anerkjente professoren, som er Frankrikes første professor i miljøhistorie og president i European Society for Environmental History, vil også halde eit foredrag om urban miljøhistorie med døme frå Paris under sitt besøk. Førelesinga er open for alle og finn stad i Kjølv Egelands hus på rom A-204 torsdag 7. februar klokka 12.15. Presentasjonen vil vere på engelsk.

Tema for Utsteinseminaret er teknologi og samfunn sett i eit kulturelt og etisk perspektiv. I tillegg til Geneviève Massard-Guilbauds presentasjon om forureina byar i Europa i perioden 1750 til 1900, kan du mellom anna få med deg Ståle Dyrviks foredrag om demografisk endring i urbane landskap, Eva Jacobssons framlegg om moderne og postmoderne perspektiv på menneskapte vatnsystem og Terje Avens presentasjon om sikkerheit og risiko.

Utsteinseminara skal ha som mål å vere med på å setje dagsorden innan forsking og samfunnsdebatt som omhandlar den sørvestlandske regionen. Seminara skal vidare kommentere og kaste lys over aktuelle tema som er oppe i regionen. Arrangørar er Arkeologisk museum i Stavanger, Universitetet i Stavanger, Haugaland Akademi og Historisk foreining (HIFO) Rogaland.

Program for Utsteinseminaret
Meir om Geneviève Massard-Guilbaud