MENY

Frå Litauen til UiS

Litauske skulefolk gjesta i går UiS for å lære meir om åtferds- og leseforsking.

Delegasjonen kom frå kommunen Plunge, som er venskapskommune med Bjerkreim kommune. I fem dagar skal litauarane, i alt 16 kommunetilsette og fagpersonar innan skule, barnehage og spesialpedagogikk, gjeste skular i Bjerkreim for å hauste ny erfaring. Denne blir teken med vidare i eit EØS-prosjekt som Plunge er involvert i. På UiS fekk delegasjonen presentert forsking og program frå Senter for åtferdsforsking og Lesesenteret.

Zaneta Piepaliené, leier for strategisk utviklings- og investering i Plunge, fortel at opphaldet i Rogaland har gitt nyttig kunnskap.

- Vi har fått innblikk i både teori og praksis. Vi har delteke i undervisning og sett korleis det blir jobba med barn med spesielle behov, fortel ho.

Vil gi meir oppfølging
I løpet av opphaldet har dei registrert både fellestrekk og forskjellar mellom dei to landa sine skulesystem.

- Eit mål for oss er å i større grad integrere barn med spesielle behov i ordinære skuleklasser. Vi ønskjer å setje inn spesialistar i klassene for å gi individuell hjelp, men her set økonomien grenser, forklarer Piepaliené.

Ho meiner at den litauske skulen har gode opplegg for elevar med størst behov for oppfølging, ettersom desse blir plasserte i spesialskular. Det er integrasjonen av barna mindre behov som er den største utfordringa.

- Eit generelt trekk ved den norske skulen er evna til å satse strategisk og sjå kvart enkelt barn og deira plass i klassa. I Litauen legg vi nok meir vekt på det faglege innhaldet i skulen, mens de i Noreg har eit større sosialt engasjement som resulterer i tette band mellom skule og familie, meiner Piepaliene.

Under gjestinga på Ullandhaug fekk delegasjonen også ein generell presentasjon av UiS og IRIS.