MENY

Fyrste sosialskule-kull samla

I år er det 40 år sidan dei fyrste studentane blei uteksaminert frå Stavanger Sosialskole, som i dag er ein del av Universitetet i Stavanger.

Rundt 30 studentar og tre lektorar frå oppstartskullet møttest i slutten av august på Universitetet i Stavanger. Samlinga fann stad i Kjell Arholms hus, som i dag husar studentar og tilsette ved Institutt for sosialfag. Her fekk dei ei orientering om status ved instituttet og framtidsplanane til universitetet.

God kontakt
Det var ikkje fyrste gong at kullet møttest igjen. Det har tidlegare vore invitert både til 20- og 30-årsjubileum.

- Dei fleste av oss har jobba innan helse- sosial- og arbeidssektoren. Difor har mange av oss møtt kvarandre opp gjennom åra i jobbsamanheng, fortel sosialskulestudent Jostein Nybø. Han er no pensjonist etter å ha jobba mesteparten av karrieren i statsapparatet og Randaberg kommune innan helse- og sosial.

Politisk kamp
Stavanger Sosialskole blei etablert i 1966, men det skjedde ikkje utan kamp. Nybø fortel om politisk dragkamp mellom Stavanger og Bergen som begge ville ha skulen. Kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik og mange steile hestar sørgde for at Stavanger gjekk sigrande ut. I 1980 fekk skulen status som statleg høgskule, før den i 1994 fusjonerte med seks andre institusjonar til noverande Universitetet i Stavanger.

- Som klasse sto me skulder ved skulder for å skulen opp å gå og sørgje for at den blei værande i byen. Eg ser tilbake på tre gode år med eit sterkt samhald, mimrar Nybø.

Klikk her for større bilete