MENY

Gjennomslag for samfunnsforskinga

Aldri før har forskingsselskapet IRIS fått betre utteljing på sine søknader om middel til samfunnsvitskapeleg forsking. Noregs Forskingsråd har gitt meir enn 20 millionar kroner til undersøkingar av mellom anna regionalisering og demokrati.

- I år har vi verkeleg slått igjennom med søknadene våre, konstaterer ein nøgd Einar Leknes ved International Research Institute of Stavanger (IRIS), eit forskingsselskap som er eigd av Universitetet i Stavanger og stiftinga Rogalandsforskning.

Leknes leier ei av forskingsgruppene ved Senter for Samfunns- og næringsutvikling, som er den heldige mottakar av dei mange millionane.

- Dette er eit resultat av langsiktig og hardt arbeid. Vi har jobba veldig målretta for å få desse midla. Samstundes er det ikkje berre dugleik, men også litt flaks, som avgjer om ein søknad går igjennom, medgir Leknes.

Breidde i prosjekta
Pengane frå Forskingsrådet skal fordelast på sju langsiktige prosjekt. Forskarar frå UiS bidrar i fleire av dei. Alle prosjekta har ei tidsramme på to til fire år og startar opp no i vår. Dei sju prosjekta har følgjande fokus:

• Utvikling av byregionar og landsdelsregionar
• Permitteringsinstituttet i norsk arbeidsliv
• Regional naturgasspolitikk
• FoU-institusjonars rolle i regional næringsutvikling
• WTO-forhandlingar som rammevilkår for norsk fiske og landbruk
• Utvikling av bedrifter sitt samfunnsansvar i klesbransjen
• Samanlikning av styringssystem i sjukehussektoren

I tillegg har Senter for Samfunns-og næringsutvikling sett av utviklingsmiddel frå Forskingsrådet til to langsiktige, interne strategiske program:

• Styringsnettverk i byregionar
• Balanse mellom arbeidsliv og familie

Hjørnesteinar
- Prosjekta vil vere byggesteinar i verksemda og hjørnesteinar i prosjektporteføljen vår. Vi vil lett kunne knytte andre prosjekt opp mot desse, forklarar Einar Leknes, og peikar på stor spennvidde i arbeidet som skal gjerast.

IRIS sankar inn prosjektmiddel frå fleire hold, men pengane frå Noregs Forskingsråd vert rekna som svært viktige. Dei gir grunnlag for vitskapelege publikasjonar, nettverksbygging og ikkje minst nasjonalt og internasjonalt samarbeid.

- Prosjekta er ein del av fleire store forskingsprogram der også andre institusjonar er med. Slik vert vi kopla inn i større nettverk og får ta del i arrangement og seminar med andre, seier Leknes.

Den rause tildelinga frå Forskingsrådet stadfestar at samfunnsforskinga ved IRIS held eit høgt nivå.

- Når ein skriv prosjektsøknader, må ein vere heilt i front på dei teoretiske perspektiva. Vidare må ein ha interessante problemstillingar og ein god forskingsdesign. Ein må også vise at ein har exit internasjonalt kontaktnett og ein prosjektleiar med tilstrekkeleg tyngde, forklarar Leknes.

Petroleumsforsking størst
Tross gjennombrotet for samfunnsforskinga, held petroleumsforsking fram som den største geskjeften ved IRIS. I løpet av dei to siste åra har selskapet fått nærare 100 millionar kroner frå Forskingsrådet til slik forsking. Tilsvarande beløp er også gitt av olje- og gassindustrien. I desse dagar vert det også klart om IRIS får utteljing på nye prosjektsøknader innan petroleum.

Av Ragnhild Thomsen og Elisabeth Tønnessen (foto)