MENY

Høyringssvar frå UiS på Grimstadutvalet si utgreiing

UiS har sendt høyringssvar på Grimstadutvalet si utgreiing om framtidig medisinutdanning i Noreg. UiS baserer studiemodellen sin på opptak av medisinstudentar i utlandet som fullfører dei tre siste av åra av studiet ved UiS.

Bilete av Rektor Klaus Mohn med tre i bakgrunnen Rektor Klaus Mohn meiner styresmaktene har ein unik moglegheit til å prøve ein ny studiemodell.

Å få medisinutdanning til UiS har vore ein ambisjon i fleire år både for UiS og regionale aktørar.

Rektor Klaus Mohn trekk fram fleire grunnar for at UiS bør få eit studium i medisin:

For det første har UiS, Stavanger universitetssjukehus og regionen uutnytta kompetanse og kapasitet som kan nyttast i ei framtidig medisinutdanning. For det andre er UiS sin studiemodell eit nyskapande tilskott til medisinutdanninga i Noreg, understreker Mohn.

UiS-rektoren sitt tredje poeng er at UiS-studentane vil bli uteksaminerte tre år etter opptak, og at dette vil bidra til ei rask opptrapping av utdanningskapasiteten nasjonalt.

– Unik moglegheit

UiS ynskjer å få tildelt 70 studieplassar kvart år, det vil seie 210 studieplassar over tre år ved ein eventuell auke av utdanningskapasiteten.

– Ved å prioritere å gi desse studieplassane til UiS, har myndigheitene ein unik moglegheit til å få prøve ut ein heilt ny studiemodell til beste for heile kommune- og helse-Noreg, meiner Klaus Mohn.

Styrets handsaming

UiS-styret handsama utkast til høyringsskriv frå UiS under møtet 6. februar og ga rektor fullmakt til å gjera endringar i utkastet fram til utløpet av høyringsfristen 15. februar.

Les høyringssvaret frå UiS her

Les dei andre høyringssvara på regjeringen.no.

Alt om høyringa, inklusiv Grimstadutvalets utgreiing, kan lesast på regjeringa sin nettstad