MENY

Hugin og Studentradioen saman på nett

Studentavisa Hugin og Studentradioen har gått saman om ein ny nettstad. No vil dei to mediekanalane jobbe saman for å nå ut til studentane.

Nettstaden Smis.no blei lansert under Hugins 30 års jubileum den 25. august. Forkortinga Smis står for Studentmedia i Stavanger.

- Nettstaden inneheld studentnyheiter frå Stavanger og resten av landet, samt nettradio, seier Øystein Jorem, ansvarleg redaktør i Hugin.

Daglege nyheiter
I følgje Jorem har dei store ambisjonar for den nye nettstaden. Dei skal mellom anna produsere nyheiter dagleg.

- Vi har som mål å vere raskt ute med nyheiter kvar dag. Og vi håper å konkurrere med dei lokale mediekanalane når det kjem til kulturstoff, seier han og held fram:

- Etter kvart håper vi også å kunne tilby web-tv, seier Jorem, som ser fram til at både Hugin og Studentradioen kan bli samlokaliserte dersom planane om Studentenes Hus blir realisert.

God respons
Tilbakemeldingane frå studentane har vore god etter lanseringa av den nye nettstaden.

- Det er tydeleg at dette er etterlengta. Studentane har vore positive frå første stund, seier Jorem.

Også journalistutdanninga ved UiS har kome med gode tilbake-meldingar på samanslåinga.

- Journaliststudentane får jo undervising retta mot avis, radio og fjernsyn. Samarbeidet mellom Hugin og Studentradioen, og opprettinga av den nye nettstaden, vil by på mange spennande moglegheiter for oss og for journaliststudentar og andre som vil bidra, konstaterer Jorem.

Besøk nettstaden Smis.no!