MENY

Innvandring aukar innovasjonsevna

Arbeidsplassar med kulturelt mangfald er meir innovative grunna nye perspektiv og nye måtar å løyse utfordringar på. Det skriv Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim og Rune Dahl Fitjar ved HHUiS i ein kronikk i Aftenposten.

Nedturen i oljesektoren har forsterka behovet for omstilling i den norske økonomien. Til no har over 30 000 oljejobbar forsvunne, og stadig fleire trur at Noreg må førebu seg på ei framtid med færre sysselsette i oljenæringa.

Samstundes aukar talet på innvandrarar. Om lag 1/6 av den norske folkemengda er innvandrarar, og om lag halvparten av dei som kom til Noreg i fjor, kom grunna arbeid.

Nokre hevdar innvandringa vil øydelegge velferdsstaten og at dette kombinert med auka arbeidsløyse er ei tung bør å bere for det norske samfunn. Men kva om innvandring snarare kan medverke til å styrke evna til omstilling?

Les heile kronikken til Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim, stipendiat i leiing, og Rune Dahl Fitjar, professor i innovasjonsstudier ved Handelshøgskolen ved UiS.

 

Kronikk Aftenposten

Forsking syner at meir mangfaldige arbeidslag løyser utfordringar betre enn meir homogene lag, sjølv om dei siste har høgare utdanning, skriv kronikkforfattarane.