MENY

Inspirerande mat for eldre på menyen

Mange eldre slit med å få i seg nok og riktig mat. Under inspirasjonsseminaret «Mat til eldre» blei det delt kunnskap og idear om matlyst, matopplevingar, ernæring og mykje meir.

  • Seminar.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    SiS kafe laga i stand lunsj med lokale råvarer.
  • Inspirasjonsseminar_3.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
  • Inspirasjonsseminar_10.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Førsteamanuensis ved Norsk Hotellhøgskole Kai Victor Hansen.
  • Inspirasjonsseminar_4.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Inspirasjonsseminar_7(1).jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Inspirasjonsseminar_8.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Inspirasjonsseminar_15.jpg (rw_largeArt_1201).jpg

Meir enn 250 deltok måndag på inspirasjonsdag om mat for eldre ved Universitetet i Stavanger. Målet er å dele kunnskap, idear og inspirasjon om kva som kan bidra til å betre måltidsopplevingar for eldre.

- Dagens høgdepunkt

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad, som er tidlegare sjukepleiar, brenn for at seniorar skal få god mat og gode måltidsopplevingar.

– For mange eldre er måltida dagens høgdepunkt. Og det handlar om mykje meir enn mat, sa ho då ho opna seminaret.

Mange eldre, både dei som bur i institusjonar og heimebuande, er sjukleg underernærte. Eldre som får i seg rett og god mat, både har det betre og held seg friskare lenger.

– Me veit at mange eldre får i seg for lite mat. Det kan føre til at dei snublar, så går lårhalsen og så mister vi dei. Får dei i seg mat, er det god folkehelse, sa ho.

Inspirasjonsseminaret er eit av fleire som blir arrangert over heile Noreg. Det er landbruks- og matdepartementet som saman med Fylkesmannen i Rogaland som arrangerte inspirasjonsseminaret. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa understrekar at det blir laga mykje god og tiltalande mat på sjukeheimar i Rogaland.

– Det skulle berre mangla i matfylket Rogaland, men ikkje alle eldre har et godt matstell, sa ho.

På seminaret blei ulike tema rundt måltidet løfta fram. Dei frammøtte fekk mellom anna om korleis ulike fargar på tallerkenar påverkar matlysta, om forsking på mat og måltidsglede blant eldre, ernæring. Det var og besøk av Matgledekorpset, eit pilotprosjekt kor eit «korps» arbeidar saman med sjukeheimar for å betre maten og ramma rundt måltidet.

Seminaret blei avrunda med tre gode, lokale eksempel: «Måltidsvenn», kor sjukepleiestudentar deler eit måltid med eldre, «Ut i Bryne» er eit tilbod kor seniorar går ut og et saman ein gong i månaden, og «Måltidsopplevelsen» frå Stavanger byggdrift som leverer mat til sjukeheimar og barnehagar.