MENY

IOR-konferansen: Tar dei unge med på laget

19. mars opnar Det nasjonale IOR-senteret dørene for sin årlege konferanse IOR NORWAY. For senterleiar Merete Vadla Madland er det viktig å ha dei unge med på laget sjølv når det er svartaste «oljå» det handlar om.

Masterstudentane Tayyaba Kausar og Signe Kristoffersen deltok i Master's Corner under fjorårets konferanse. Foto: Marius Vervik Masterstudentane Tayyaba Kausar og Signe Kristoffersen deltok i Master's Corner under fjorårets konferanse. Foto: Marius Vervik

Dette er den femte IOR-konferansen senteret arrangerer. IOR står for «improved oil recovery». På godt norsk handlar det om auka oljeutvinning.

– Eller betra oljeutvinning. Eg føretrekker det siste, seier Merete Vadla Madland. Ho er leiar for Det nasjonale IOR-senteret.

Her forskar dei på korleis me får mest mogleg ut av oljeressursane våre, og korleis me får olja opp frå jorda på ein så varsam måte som mogleg.

Svart møter grønt

Det er ikkje ein takksam jobb å selje inn oljebransjen til unge som har eit sterkt engasjement for klimaet. Oljeutvinning fordrar at olja blir brukt, og brenning av olje kan aldri bli ein «grøn» aktivitet.

– Me veit at fossile brennstoff ikkje er miljøvennleg. Men me veit òg at om me her i Noreg skal ha von om å endre verda me bur i, treng me pengane og kompetansen frå olja for å skape ny grøn teknologi. Me treng å utdanna studentar med ny kunnskap som kan løysa dei utfordringane me står ovanfor med det grøne skiftet, seier Madland.

For å få dei unge med på konferansen freistar IOR-senteret med noko dei kallar «Master’s Corner» – masterstudentanes plass. Her kan studentane bli betre kjende med folk frå industrien, dei kan vise fram kva dei jobbar med, og dei kan få råd frå folk med lang fartstid i bransjen. Best av alt, dei kan kanskje få ein jobb.

Industrifolk møter forskarar

IOR-konferansen trekker folk frå heile verda. Det deltakarane set mest pris på, er samansetninga av folk frå akademia, industri og offentleg verksemd. Sidan alle partar er tydeleg til stades, kan dei dra vekslar på kunnskapen og erfaring hos kvarandre. Industrien melder sine behov. Forskarane kjem med siste nytt frå sitt felt.

Det er også rom for underhaldning på konferansen. Konferansier Tor Øyvind Skeidseid losar gjestane i hamn, og legg inn ein stor porsjon lått og løye i løpet av dei to dagane konferansen varer.

Om du er i Stavanger 19.-20. mars, og berre er ein smule opptatt av ressursane som finst i berggrunnen, er det god grunn til å legge turen til Universitetet i Stavanger. Då blir du oppdatert på siste forsking innan betra utvinning, og kanskje får du òg von om ei grønare tid for bransjen.

Tekst: Kjersti Riiber