MENY

Ivrige lyttarar på Lesekonferansen

Det var mange som nikka gjenkjennande til den britiske forskaren Maxine Burton sine erfaringar med høgtlesing under The 1st Stavanger Reading and Writing Conference på UiS.

Maxine Burton er ein av dei mange anerkjente forskarane innanfor lese- og skriveforsking som deltek på konferansen om lesing og skriving som Lesesenteret no arrangerer.

- Mange vaksne som slit med lesing gruar seg til å lese høgt for andre. Dei har ofte eit veldig lågt sjølvbilete og dårlege opplev-ingar frå tida på skulen, sa Burton til ei interessert og lydhør forsamling i Tjodhallen.

Leseopplæring for vaksne
Burton og kollega Greg Brooks frå Universitetet i Sheffield i England har forska på kva for utfordringar høgtlesing byr på for vaksne som slit med lesing og som tek vaksenopplæring.

- For nokre kjem det å lese høgt gjerne i vegen for forståinga av teksten. Mange som slit med høgtlesing er avhengige av trygge rammer som gjer at dei tør prøve, fortalte Burton.

Ulike tema kvar dag
I salen sat over 100 fagfolk, studentar og forskarar med interesse for lesing og skriving. Tema for konferansens andre dag var tiltak, leseproblem og genetikk.

Første dag var temaet leseforståing og korleis ulike vanskar heng saman. Tredje dag er temaet fonologi og lese-og skrive-produksjon.

Sjølve konferansen varer frå torsdag 30. august til laurdag 1. september. Frå 3. til 5. september vil fleire av forskarane som held innlegg vere med på workshops i Hulda Garborgshus på rom O-101.

Konferansen er åpen for ansatte og studentar ved UiS og for alle som er interessert i lesing og skriving.

Les meir om Lesekonferansen!