MENY

Johannes Langeveld er ny professor i psykologi ved UiS

Johannes Langeveld er utnemnt til professor II i helsepsykologi ved Det helsevitskaplege fakultet. I over 25 år har han kombinert forsking og klinisk arbeid innan psykisk helse.

Johannes Langeveld er ny professor i psykologi ved UiS Johannes Langeveld er ny professor II i helsepsykologi ved Avdeling for folkehelse fra 1.1.2020.

Johannes Langeveld har doktorgrad i psykologi frå Erasmus universitet i Rotterdam. Hans forskingsfokus og arbeid som klinisk psykolog har vært retta mot ungdom og unge vaksne, psykose, kriminalitet og aggresjon. 

Han har sin kliniske stilling ved Poliklinikk Gausel, unge voksne, som er en del av Klinikk psykisk helsevern barn, unge og rusavhengige ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Han har òg gjort sakkunnearbeid for tingretten og lagmannsretten relatert til straffeloven, psykisk helsevernloven, og barnevernsloven.

Forskar på ungdom, psykose og vald

Dei siste årene har han vært tilknytt prosjektet tidleg intervensjon ved psykose (TIPS) i Stavanger, om forløp av psykose hos unge vaksne og risikofaktorar for å være voldsutøvar eller voldsoffer hos psykosepasientar. Tidleg intervensjon fører til eit betydeleg betre liv for personer med psykosar og andre psykiske vanskar.

– TIPS-prosjektet har igangsett fleire nye forskingsprosjekter som eg ønsker å bidra til. Den formelle heideren av forskingskompetansen min gjennom dette opprykket, vil styrke bidraget mitt til TIPS-forskinga, seier Langeveld.

Ungdom med psykiske lidingar med eller utan valdsproblematikk er gjerne i grenselandet mellom barnevern, kriminalomsorga og psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta og kommunen. Det krev eit tett samarbeid mellom desse instansane for å komma til eit optimalt behandlingstilbod.

– På trass av oppstart av pakkeforløpa i psykisk helse, som har eit betre samarbeid mellom kommune og spesialisthelsetenesta som eit av dei viktigaste måla sine, er det mykje som kan bli gjort for å optimalisera utgreiings- og behandlingstilbodet for ungdom med utfordringar knytt til psykisk helse, rus og kriminalitet. TIPS-prosjektet bidrar sterkt til å få dette samarbeidet betre til, forklarar han.

Les meir om pakkeforløpa i psykisk helse:

Klinikknær forsking og undervisning

Framover ønsker Langeveld å fortsatt bidra til at avstanden mellom klinikk på SUS og forsking og undervisning ved UiS blir mindre. Han underviser med stor glede på masterprogramma i relasjonsbehandling og i rus og psykisk helsearbeid.

Langeveld er òg medlem av Tverrvitskapleg nettverk for medisinske fag ved UiS. Nettverket skal mellom anna bidra til å styrke helseforsking og vidareutvikle studieporteføljen ved Det helsevitskapelege fakultet, i tillegg til å fremme godt samarbeid mellom UiS, kommunehelsetenesta og SUS. Oppstart av medisinutdanning ved UiS er eit stort mål for nettverket, eit mål som no kjem i sikte som følgje av utredninga til Grimstadutvalget om medisinutdanning i Noreg.

– Det neste må vere å utvikle tilbodet innan psykologi ved UiS. Oppstart av bachelorgrad i psykologi ved UiS hausten 2020 og videreutvikling av mastertilbodet innan psykisk helse er viktige skritt i denne retninga, avsluttar Langeveld.

Tekst og foto: Cathrine Sneberg