MENY

Julekalenderen 2019

Så var dei tilbake! Inge og Magne inspirerer, eksperimenter og får ting til å eksplodere kvar desemberdag fram til julaftan!

To menn i kvite frakkar Grøn pil som viser retning på nødutgangen kan vere greit når Inge Christ og Magne Sydnes eksperimenterer på laben.

Det har vorte ein fast førjulstradisjon at Inge Christ og Magne Sydnes frå Universitetet i Stavanger gjer eksperimentar på laboratoriet kvar dag fram til julaftan.

Det er femte året på rad UiS lagar naturfagsjulekalender på video. Kalenderne har vore ein stor suksess og mange skolar omkring i landet startar skoledagane i desember med å sjå radarparet Inge og Magne gjere naturfagsforsøk. 

For her er overraskingane mange. I år kan ein blant anna oppleve brennande såpeskum og flammar som beveger seg etter musikk. Og veit du forresten korleis du kan balansere ti spikrar oppå ein spikar?

Her finn du lukene i årets julekalender, som er laga ved Skolelaboratoriet i realfag ved Universitetet i Stavanger. Skolelaboratoriet er eit ressurs- og kompetansesenter for lærarar og elevar i grunnskolen og vidaregåande skole. Inge Christ er leiar for Skolelaboratoriet.

Inge Christ er lidenskapeleg oppteken av å formidle realfag på ein spanande og engasjerande måte. Professor Magne Sydnes ved Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi er ein ypparleg sparringspartnar.