MENY

– Kan forandre verda

– Den generasjonen som blir utdanna no, har større moglegheiter enn nokon annan til å endre verda, seier tidlegare visegeneralsekretær i FN Jan Egeland, som no er æresdoktor og gjesteprofessor ved Universitetet i Stavanger.

Jan Egeland, som til dagleg er direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI), set verdien av utdanning svært høgt. At utdanning er avgjerande for utvikling i verdas land, er han overtydd om.

– Utdanning og kunnskap er noko av det som heng klarast saman med utvikling og velstandsauke. Men utdanning er ikkje nok i seg sjølv, seier han og gir eit døme:

– Palestinarane er blant dei mest velutdanna i verda, men på grunn av okkupasjon og uro får dei ikkje brukt dei moglegheitene utdanninga gir. I tillegg til utdanning må det finnast moglegheiter, seier Egeland.

Større middelklasse
Egeland fortel at stadig fleire ungdommar sør for Middelhavet no får seg utdanning.

– Dei byrjar å forstå kor godt vi har det her i nord. Eg trur folkevandringane vil bli sterkare framover som følgje av at stadig fleire får meir kunnskap om korleis verda er, seier han.

– Innanfor utdanning og helse har det vore ein revolusjon. I Kina og India er det til dømes grunnlag for økonomisk vekst. Om kort tid vil vi få mange hundre millionar menneske
til i verdas middelklasse, seier Egeland.

Han fortel at verda har blitt betre for dei fleste av oss, men at det framleis er ein milliard menneske som lever for under ein dollar om dagen.

Forsking på tvers
Gjesteprofessoren meiner tilgangen til høgare utdanning må demokratiserast slik at fleire
får sjansen til å utdanne seg. I dag er det for mange land i verda som krev betaling eller status i byte mot utdanning, synest han.

Også verdien av forsking på tvers av landegrenser er avgjerande for utvikling i verdas land, meiner Egeland. Han nemner FNs klimapanel og nedrustinga etter den kalde krigen som gode døme på samarbeid der forskarar har spelt ei avgjerande rolle.

- Forskarar kan gjere verda betre, men dei må ikkje vere så verdinøytrale. Det hjelper lite å finne ut at folk døyr, når du ikkje finn svaret på korleis det kan hindrast, seier han.