MENY

Kan marknaden redda klimaet, eller går verda til helvete?

Det er spørsmål som blir drøfta under Forskingsdagane 2019, som opnar førstkomande onsdag. I år vert òg det nasjonale Forskar Grand Prix-showet arrangert i Stavanger etter at UiS vann finalen i fjor.

Kollage av UiS-forskarar: Dolly Jørgensen, Ragnar Tveterås, Helle Sjåvaag, Oluf Langhelle, Frode Skarstein, Morten Tønnessen. På Forskingsdagane i Stavanger-regionen 2019 kjem forskarane ut fra labane og kontora sine for å fortelje engasjert og levande om forskinga si.

I 2019 ga den australske journalisten Ginger Gorman ut boka «Troll hunting», som handlar om dei mange nettrolla som forfylgde henne med hatefulle Twitter-meldingar og dødstruslar. Ho vart livredd, men i staden for å la seg knekka, bestemde ho seg for å ta opp kampen. Ho var nysgjerrig på kven desse trolla var.

No kjem den prisvinnande journalisten til Universitetsbiblioteket på UiS for å samtale med UiS-professor Helle Sjøvaag om sine opplevingar og journalistikkens vilkår i den digitale medietidsalderen.

Les meir om arrangementet «Hatmiljø på nettet – ho tok opp kampen», som er eit samarbeid mellom Kapittel-festivalen og Forskingsdagane i Stavanger-regionen. 

Sjå heile programmet for festivalen.

Verda går til helvete

Miljø er tema for Forskingsdagane 2019, og det set sitt preg på programmet for festivalen, som varar frå 18. til 29. september. 

Onsdag 18. september blir fire UiS-forskarar utfordra av den erfarne debattleiaren og tidlegare sjefredaktøren i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, som blant anna spør: Kor berekraftig er det økonomiske systemet og veksttankegangen? Er kapitalismen trass alt det beste økonomiske systemet også for å møta dei økologiske utfordringa, eller må systemet endrast?

Dei som skal svare er forskarane Ragnar Tveterås (samfunnsøkonom), Dolly Jørgensen (miljøhistorikar), Oluf Langhelle (statsvitar) og Trond-Ola Hågbo (doktorgradsstudent).

I 2018 skreiv forfattar Johan Mjønes kronikken «Verden går til helvete» på NRK Ytring, om folks vanskar med å omsetje gode klimaintensjonar til handling.

Dette er òg tema i samtalen Mjønes skal ha med postdoktor Frode Skarstein, som mellom anna forskar på lærarstudentane sine haldningar til miljø- og klimaproblematikk og korleis dette påverkar undervisninga deira.

Andre høgaktuelle miljøtema som vert sett på dagsorden under Forskingsdagane er mikroplast, vårt tilhøve til vatn, hydrogensamfunnet, gjenbruk, og utrydningstrua handverk.

Forskar Grand Prix – forskingsformidling på fire minutt

Du må heller ikkje gå glipp av Forskar Grand Prix 2019. Stavanger kan i år skilte med både regional og nasjonal finale i det som er ein uhøgtideleg, men i høgaste grad show-prega, formidlingskonkurranse. Forskarar frå heile landet får her fire minutt kvar på å overtyda eit stemmeberettiga publikum og ein jury om at dei er dei beste til å presentere forskinga si for folk flest.

Torsdag 26. september på revyscena Stavangeren skal programleiar Hilde Zahl leie oss gjennom framføringa til ni regionale kandidatar. Blir det ein SUS-, NORCE- eller UiS-forskar som går sigrande ut?

To av kandidatane frå den regionale finalen går vidare til nasjonal finale, som er laurdag 28. september på revyscena Stavangeren. Her møtest vinnarane frå Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Stavanger. Solveig Kloppen er konferansier medan Aftenblad-journalist Leif Tore Lindø er reporter som skal ta temperaturen i garderoben under sendinga.

Les meir om Forskar Grand Prix 2019

Meld deg på regional finale i Forskar Grand Prix 2019.
Meld deg på nasjonal finale i Forskar Grand Prix 2019.

Ein av dei største

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs Forskingsråd. Universitetet i Stavanger er deltakar til liks med andre forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar i Noreg.

Festivalen har vorte arrangert sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskingsfestivalar.

Sjå heile programmet for festivalen.

Logo Forskningsdagene 2019