MENY

Ketil Knutsen kommenterer valet

Samfunnsforskar Ketil Knutsen ved Universitetet i Stavanger er ekspert på politisk retorikk. Dei neste tre vekene skal han kommentere stortingsvalet på NRK Rogaland.

Tre torsdagar på rad får forskaren ved Institutt for kultur- og språkvitskap fem minutt til å kommentera aktuelle saker frå ukas valkamp. I forbindelse med valet har NRKs distriktskontor fått utvida sendetid og Knutsen skal i elda dei siste fem minutta før Dagsrevyen 21.

Også på radio
– Fem minutt er lang tid på tv, men ikkje lang tid for ein forskar til å fordjupa seg. Derfor skal eg også vere på radioen kvar fredag morgon. I den sendinga kan eg utdjupa det eg prata om på tv kvelden før, seier Knutsen.

Meiningsfullt
For ein ekspert på politisk retorikk er innspurten i ein stortingsvalkamp det største høgdepunktet på fire år. Difor set Knutsen stor pris på å få sleppa til med sine faglege analyser.
– Eg ser fram til dette. Det følast alltid meiningsfullt når media er interessert og vil formidla det du forskar på. Kunnskap som blir lagd i skuffen er det lite meining i, seier Ketil Knutsen.

Frå før av har Knutsen ein eigen valblogg på VG sine nettsider.