MENY

Klar med nye studentbustadar

Når haustsemesteret startar, står 40 splitter nye leilegheiter på Misjonsveien klare for studentane. Med dette har Studentsamskipnaden i Stavanger runda 1000 hybeleiningar.

– Etterspurnaden etter husvære for studentar er stor. Derfor er vi svært glade for kvar nye bustad vi klarer å få på plass, seier SiS-direktør Ellinor Svela.

Svær grasmatte
Handtaket på ytterdøra og noko småelektrisk gjenstår på den nye studentblokka, men både postkassane og leikeplassen står klare. Den 11. august blir det offisiell opning av 29 ettromsleilegheiter, åtte parleilegheiter og tre familieleilegheiter. Sistnemnte har verandadør rett ut mot leikeplass og den svære grasmatta ved Misjonshøgskulen.

Eige bad til alle
Som vanleg er det trådlaust internett til alle. Det nye er at dei klassiske dublettane med felles bad og kjøkken er avvikla. No får alle sitt eige minikjøkken og bad. I øvste etasje er det et stort fellesrom med kokekjøkken og sørvendt veranda.
I september startar neste byggjeprosjekt. I sørenden av Ullandhaug campus skal det førast opp fire blokkar med 75
ettromsleilegheitar og 23 parleilegheitar. Dei skal stå ferdig i august 2010.

Ledige bustadar
Eit tredje prosjekt er under planlegging. Bare 500 meter unna UiS på Ullandhaug, like over grensa til Sola kommune, kjem det 16 nye familieleilegheiter. Også dei skal stå ferdig til august 2010.

Fortsatt på jakt etter bustad? Sjekk tilbodet frå private utleigarar, som ligg på nettsida til SiS Bolig.