MENY

Kultur og næring, eit dødskyss?

Onsdag 16.12 klokka 18 skal filmen «Åpen port» visast på Sølvberget. Berre ein gong. Hans Eirik Voktor ser på tilhøvet mellom kultur og næring i samband med kulturbyåret 2008. – Som alle ekteskap er óg dette fullt av motsetjingar. Men her i Stavanger blir det feia under teppet, seier Voktor.

Universitetslektor Hans Erik Voktor meiner det bør vere igjen ei statue etter Stavanger2008. Etter hans meining er film den beste statua som kan lagast, for det kan vise folk kva som har skjedd. Nå er Voktor premiereklar med ein film om ekteskapet mellom kultur og næring.

? Rolf Norås gav meg jobben, og heldt seg langflat unna. Han visste at sjansen for å få noko han ikkje ville like var stor, men gjorde det likevel. Det er ein ordentlig kultursjef, rosar Voktor.

Stiller spørsmål
No får Norås, og mange med han, ein film dei ikkje vil like. Voktor vil ikkje støtte opp om behovet Stavanger har for å byggje identitet og score i omdømmerapportar.

? Me byggjer ikkje merkevare, men stiller spørsmål. Me tykkjer det er mykje viktigare enn å smøre maskineriet, seier Voktor.
? I Noregs rikaste by i det rikaste landet i verda må me vere opptekne av andre ting óg, meiner han.

Håper på etterverknader
Voktor og hans medhjelparar var innom fleire konsept før dei landa på det endelege temaet i «Åpen port». 180 timar med opptak er korta ned til ein, og jobben har ikkje vore lett. Men innhaldet i filmen vil han ikkje ut med. Det må publikum sjølve komme og sjå.

? Me har laga ein film om byen, regionen og tida framover. Me byrjar på slutten av 2008, og tar utgangspunkt i stoff frå kulturbyåret, fortel Voktor.

Voktor meiner Stavanger blir drive som eit trikonglomerat gjennom politikk, næringsliv og media. I filmen prøver dei å stikke borti alle desse delane. Voktor reknar med at så lenge filmen blir dårleg likt, er det ein sjanse for at det skjer noko etterpå.

- Me prøver å vere så plagsomme at det gir etterverknader, seier han.

Debatt
Filmen skal visast i ein sal med plass til 180 personar, og etterpå blir det paneldebatt. Frå Universitetet i Stavanger deltek Lise Nordenborg Myhre. I tillegg kjem kultursjef i Stavanger kommune, Rolf Norås, ordførar Leif Johan Sevland og Sven Egil Omdal frå Aftenbladet. Sjefredaktør i Rogalands Avis, Bjørn Sæbø, leier debatten.

Arrangementet er gratis. Debatten startar i Kult.kafeen kl. 19.15.

Tekst: Janet Molde Hollund