MENY

Kurs for fagforeiningar i Europa

Eit nytt kurskonsept for fagorganisasjonar i Europa er på trappene. - Kurset skal få fleire innvandrarar til fagbevegelsen, seier universitetslektor Elisabeth Egeli ved UiS.

Saman med representantar frå universitetet i Oldenburg i Tyskland, University College i Dublin, LO i Rogaland og Hero Kompetanse har Elisabeth Egeli og førsteamanuensis Dan Daatland ved UiS byrja testinga av det nye konseptet.

- Undersøkingar utført av universitetet i Oldenburg viser at innvandrarar er underrepresentert på viktige arenaer i europeisk samfunnsliv. Med dette kurset vil vi endre på det, fortel Egeli, som har det faglege ansvaret i prosjektet, medan Daatland er koordinator.

Ressursbank
Forskingsprosjektet, som blei kalla Politis, førte sidan fram til eit nytt prosjekt. Det nye EU-prosjektet fekk namnet "Winning immigrants as active members in civic society" og er eit såkalla Gruntvig-prosjekt for vaksenopplæring.

Gruntvig er eit underprogram til Socrates, som er EU sitt program for all utdanning i Europa.

- Vi skal utvikle kurs for fagorganiserte. Dette skal bli ein ressursbank på internett kor oppgåver, bilete, filmar, dømer og diskusjonsoppgåver vil vere tilgjengelege for fagforeiningar i Europa, seier Egeli.

Kurs for politikarar
I prosjektet skal det også utviklast kurs for politikarar. Dette blir gjort i Irland, medan Noreg har fått ansvaret for kurs for fagorganisasjonane.

- Førebels er det Noreg, Irland og Tyskland som samarbeider i prosjektet. Etterkvart vil også Romania og Portugal vere med. Vi skal gjere nye utprøvingar av kurset i Romania i april neste år og i Portugal i juni.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar både frå fagforeiningar og frå politikarar i prosjektet. Så det har vore vellykka så langt, konstaterer Egeli.

UiS og Hero Kompetanse har utvikla dei faglege modulane i kurspakka, medan LO i Rogaland er med som ein viktig støttespelar i migrasjonsprosjektet.