MENY

Læringsmiljøprisen til NORINT

NORINT er tildelt Læringsmiljøprisen for 2018 ved UiS. Gruppa har over lang tid gitt internasjonale studentar kompetanse i norsk språk og kultur.

NORINT-gruppa med Ann Elisabeth Laksfoss Cardozo (f.v.), Wenche Thomassen, Greta Brodahl, Unni Puntervold Pereira og Gunvald Dversnes. Læringsmiljøprisen gir inspirasjon til vidare arbeid, sa NORINT-gruppa med Ann Elisabeth Laksfoss Cardozo (f.v.), Wenche Thomassen, Greta Brodahl, Unni Puntervold Pereira og Gunvald Dversnes. (Foto: Mari Løvås)

Fagmiljøet var strålande nøgde då dei tok imot prisen, som blei delt ut av leiar for Studentorganisasjonen (StOr), Cathrine Sønvisen.

Inspirasjon til vidare arbeid

– Vi har jobba systematisk over fleire år med læringsmiljøet på studiet vårt. Det er derfor ekstra oppmuntrande for eit lite fagmiljø å bli sett pris på. Det gir oss faglærarar inspirasjon til å vidareutvikle læringsmiljøet endå meir, sa Unni Puntervold Pereira då ho tok imot prisen på vegne av gruppa. Ho er amanuensis og fagkoordinator på NORINT.

Gruppa sine resultat bidrar til auka mangfald i andre studiar ettersom kandidatar blir rekruttert vidare til andre studieløp, og er derfor eit viktig instrument i marknadsføringa av universitetet vårt, heiter det i juryen si grunngjeving. NORINT held til ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for kultur- og språkvitskap.  

30 ulike nasjonalitetar

Kollegiet ved NORINT arbeider bevisst med det psykososiale læringsmiljøet ved studiet gjennom ulike tilnærmingsmåtar, sosiale tilstellingar, kollokviegrupper der gruppene skiftar samansetning, ekskursjonar, individuell rettleiing, samt varierte studentinkluderande læringsaktivitetar.

Studiet kan òg visa til høg gjennomføringsgrad, noko som vitnar om svært godt læringsmiljø, òg med tanke på den samansette studentpopulasjonen. NORINT har det mest internasjonale miljøet på UiS, med studentar frå om lag 30 ulike nasjonalitetar.

Anerkjenning til miljø eller personar

Det er læringsmiljøutvalet ved UiS som innstiller ein kandidat, og universitetsstyret som så tildeler prisen. Prisen har som føremål å gje anerkjenning til miljø eller enkeltpersonar ved UiS som har lukkast i å leggja forholda godt til rette for studentane si læring.

Prisen er på kr 50 000 kroner og skal i sin heilskap brukast til utviklingstiltak som kan bidra til å styrka og utvikle sjølve læringsmiljøet. 

Tekst: Benedicte Pentz