MENY

Lattermild opning av Ugå

Humorist Per Inge Torkelsen erklærte Ugå 2008 for opna med å knytte saman ei snor og fortelje historier frå eiga studietid for studentar og tilsette ved UiS.

- Eg var student ved Stavanger pedagogiske gravlund, spøkte Torkelsen, då han holdt sin opningstale til dei vel 100 frammøte i Arne Rettedals hus på universitetsområdet.

Humoristen frå Stavanger fortalte om kva for studieminne han hugsa best frå si tid som lærarstudent. Torkelsen oppmoda også studentane til å ha eit spennande liv i tillegg til studia og ønska dei lukke til med arrangementa under Ugå.

- Herved knyter eg Ugå saman, sa Torkelsen då han saman med Ugå-sjef Aurora Mykland og ein av studentane, knyta saman eit band i staden for å klippe ei snor.

Før opningstalen til Torkelsen stod studentar frå Bjergsted for eit musikalsk innslag med blåsarar og etter opninga var det tid for kake og opplevingar av to studentkunstverk.

Ugå går av stabelen frå 27. februar til 9. mars og er eit tilbod til studentar som vil nyte kultur i 12 dagar til endes. På programmet står mellom anna konsertar med Bertine Zetlitz, National Bank, Madcon og Band of Horses, samt bokbad, religionsdebatt og 70-tals fest.

Meir om Ugå 2008 og programmet