MENY

Lekkasje frå statsbudsjettet

Helse Stavanger vil få lov til å ta opp eit lån på 60 millionar kroner til tilleggsareal på 1200 m² i det nye sjukehuset. UiS skal leiga dette arealet til undervisnings- og forskingsformål og får 40 prosent i husleigekompensasjon. Det er forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø som kjem med denne lekkasjen frå statsbudsjettet 2020.

Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister

– I tillegg vil UiS få 15 nye studieplassar og tre rekrutteringsstillingar innanfor helseområdet, seier Nybø til uis.no.

– Med dette har me sikra lokale innanfor det nye sjukehuset til forsking og undervisning for sjukepleiestudentar, andre helseutdanningar og med tida og for ei medisinutdanning. Desse ressursane kjem godt med i innsatsen vår for å bygge kapasitet og kompetanse som gjer oss fortent til ei framtidig utdanning i medisin ved UiS, seier UiS-rektor Klaus og legg til:

– Med ei slik politisk støtte ser eg lyst på utsiktene til vekst og vidareutvikling for den helsefaglege satsinga ved UiS.