MENY

Lesesvake kan vere reknesterke

– Dårlege lesarar kan rekne bra, berre dei får ein blyant. Det å skrive ned reknestykket, gjer oppgåveløysinga lettare, seier Elin Reikerås, førsteamanuensis på Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

I si doktoravhandling «Aspects of arithmetical performance related to reading performance: a comparison of children with different levels of achievement in mathematics and reading at different age levels» har Reikerås studert kva leseferdigheiter betyr for rekneutvikling.

Reikerås ville mellom anna finne svar på om det å lære seg å lese og det å lære seg å rekne, heng saman, og om dei som er svake i lesing også vil slite i matematikktimane.

Omfattande studie
Avhandlinga til Reikerås er basert på tre studie av 941 elevar i alderen åtte til 15 år. I studia ville ho sjå om relasjonen mellom lesing og rekning endra seg gjennom skuletida.

For å finne svar, delte ho elevane inn i fire grupper: Elevar med låge prestasjonar i både matematikk og lesing, elevar med låge prestasjonar berre i matematikk, elevar med låge prestasjonar berre i lesing og elevar med normale prestasjonar i både lesing og matematikk.

Deretter blei prestasjonane deira testa gjennom ulike typar matematikkoppgåver.

– Dei fire oppgåvetypane som blei analyserte i avhandlinga var reknefakta, som 3+4=7, fleirtrinnsoppgåver, som til dømes 484+927=1411, tekstoppgåver og hovudrekning, seier Reikerås, som fann at testinga av dei ulike matematikkoppgåvene blant dei ulike elevgruppene gav fleire interessante svar.

Vrien hovudrekning
– Eg fann at nivået på leseferdigheiter ikkje har nokon innverknad på prestasjonane på reknefakta, verken for elevar med normale matematikkprestasjonar eller for matematikksvake elevar. Leseferdigheiter var dessutan lite relatert til utviklinga på fleirtrinnsoppgåvene, seier Reikerås og held fram:

– Sjølv om elevane måtte lese for å løyse tekstoppgåvene, var matematikkferdigheiter viktigare enn leseferdigheiter for å klare og løyse dei, seier ho.

Den siste forma for rekneoppgåve viste ein annan tendens enn for dei tre andre, som var papir- og blyantoppgåver. Når det gjaldt hovudrekningsoppgåvene, hadde leseferdigheiter mykje å seie for om elevane lykkast med oppgåveløysinga.

– Her hadde faktisk nivået på lesinga meir å seie enn nivået på rekninga. For dei lesesvake elevane var desse oppgåvene vanskelege, konstaterer Reikerås.

Visuell støtte viktig
– Hovudrekning var den einaste oppgåveforma som berre blei gitt munnleg. Elevane fekk ingen visuell støtte, verken i form av blyant til å skrive med, bilete til å sjå på eller reknestykke til å lese, fortel Reikerås før ho forklarer nærmare:

– Den visuelle støtta er avgjerande for dei lesesvake elevane. Dette ser vi ved at lesesvake elevar ofte skriv ned heile reknestykket, medan dei lesesterke berre skriv ned svaret. Ein blyant til å skrive ned reknestykket med, er med andre ord til stor hjelp for dei lesesvake, som slit med det lydmessige, seier ho og konkluderer:

– Funna mine tyder på at rekning og lesing er to åtskilte prosessar. Dei som slit med å hente fram ord, treng ikkje å slite med tal og reknefakta. Halvparten av alle lesesvake klarer seg godt i matematikk, berre dei får kompensere for sitt svake fonologiske minne gjennom visuell støtte, seier Reikerås.

Tekst: Silje Stangeland
Foto: Elisabeth Tønnessen