MENY

Litterært symposium om Kielland

"Kielland i Europa" er tema for eit litterært symposium i Stavanger i april. Den internasjonalt kjente litteraturforskaren Toril Moi har gitt råd om val av føredragshaldarar.

- Dette ser verkelig ut som et interessant seminar med flotte europeiske perspektiv. Seriøst og med mange gode vinklingar! Skulle ønske eg kunne vore der, skriv Toril Moi i ein kommentar til det ferdige programmet.

Moi er professor ved Duke University i North Carolina, USA. I 2005 ble hun utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Stavanger.

Fem UiS-forskarar
Det er Alexander L. Kielland-forbundet og Sølvberget KF som inviterer til litterær samling den 13. til 15. april.

Føredragshaldarane kjem frå Noreg, Tyskland, Sveits og Danmark. Fem av forskarane har tilknyting til Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Stavanger.

Populær forfattar
I samtida var Alexander L. Kielland ein populær forfattar i ei rekkje europeiske land, særleg i Danmark og Tyskland. Forfattarskapen utvikla seg også i eit nært samspel med utanlandsk litteratur og sentrale europeiske tankestraumar.

Orda hans er opne i den forstand at dei tek opp i seg impulsar i samtida, men orda vender seg også utover. ”Kielland i Europa” vil retta merksemda mot dette. Føredragshaldarane vil på kvart sitt vis sjå Kielland i lys av utlandet – eller med utlendinga sitt blikk. Kielland vil bli relatert til både engelsk, russisk, dansk, tysk og fransk litteratur.

Del av kulturhovudstaden
Symposiet er del av Stavangers kulturhovudstadsprogram fram mot 2008, og er støtta av m.a. Stavanger 2008, Norsk kulturråd, Fritt Ord, Stavanger kommune og Gyldendal Norsk Forlag. Nordisk kulturfond vil ta stilling til ein søknad på 50.000 kroner i løpet av våren 2007.

Næringsforeininga i Stavanger-regionen og Stavanger katedralskule stiller velvillig lokale og anna til rådvelde for arrangementet.

Deltakaravgift kroner 500.
Påmelding til daniel.paulsen@stavanger-kulturhus.no

Sjå program her (pdf 222 kb)