MENY

Må ta sjansar for å redde liv

Å halde hovudet klart når ei ulykke skjer er ikkje lett. Skal du ta dei rette vala i kritiske augneblinkar, må du vite kva du skal sjå etter. Ved brann eller trafikkulykker må skadestadsleiarar stå for klar tale og våge ta sjansar for å redde liv.

– Usikkerheit er den største utfordringa ved ei ulykke, men usikkerheit kan handterast på ein systematisk måte slik at det heile likevel kan ende betre enn om ein handterer ulykka slik ein plar gjere, seier Eivind L. Rake, varabrannsjef i Brannvesenet Sør-Rogaland og tidlegare stipendiat ved Universitetet i Stavanger.

I juni disputerte Rake med ei avhandling om kriseleiing og avgjerdstaking ved ulykkesstader. I dag er han tilknytt risikostyring og samfunnssikkerheitsmiljøet ved Universitetet i Stavanger og held jamt og trutt førelesingar for studentar om risikohandtering og skadestadsleiing ved ulykker.

Mental førebuing
Rake har utvikla ein modell for meir effektiv leiing ved ulykker for nettopp å handtere usikkerheit på ulykkesstaden. I observasjonane sine opplevde han nemleg at skadestadsleiarar ikkje var så gode på sterk styring som han hadde trudd.

– Ved å vere mentalt førebudd på at nye, uventa og komplekse ulykker kan skje, vil oppgåva som skadestadsleiar bli lettare. Det hjelper å ha tenkt tanken før. Det første ein skadestadsleiar må gjere når han kjem fram til ulykkesstaden, er å observere kva truslar som finst, som kor mange menneske som sit fastklemt i ein togkollisjon, seier Rake.

– Når du har fått denne oversikta, må du vurdere kva utfall ulike avgjerder vil få. Og deretter kor usikre dei ulike utfalla er. Er utfallet akseptabelt? Er den beste løysinga at ein gammal mann risikerer å døy framfor eit lite barn? Når du har stilt deg desse spørsmåla, og snøgt analysert hendinga, må du ta eit val.

Ifølgje varabrannsjefen handlar krisehandtering om å finne tilfredsstillande løysingar framfor dei heilt optimale løysingane. Det er det ikkje tid til under ei akutt krise, sidan ressursane er knappe, situasjonen er uoversiktleg og det hastar.

– Den mentale analysemodellen skal kunne brukast i alle typar kriser, anten det gjeld ras, eksplosjonar, brannar eller trafikkulykker. Også politikarar og andre som opplever eit sterkt og akutt press, kan nytte seg av denne systematiske måten å tenkje scenario på, fortel han.

Ser ikkje framover
I forskingsprosjektet sitt har Rake studert leiinga ved 22 brannar og ulykker frå alarmering til avslutta innsats. 40 erfarne leiarar frå politi, ambulanseteneste og brannvesen i Drammen, Stavanger, Sandnes og Malmø i Sverige blei intervjua om innsatsen sin under ulykker. I tillegg intervjua Rake ti erfarne leiarar frå brannvesenet i fem forskjellige byar i Bosnia-Hercegovina.

– Mange leiarar ser ikkje framover, dei konsentrerer seg berre om einskilde problem. Dei ventar seg typiske hendingar: brannar og ulykker som liknar dei dei har opplevd før som leiarar. I staden for å vurdere kva som kan skje framover, observerer dei heller om mannskapet deira gjer som dei forventar, fortel Rake.

– Leiarar er ofte på hælane i ein krisesituasjon, når dei burde lege i forkant. Under den store skogbrannen i Froland nyleg kunne ein ha kartlagt spreiingstruslane i god tid før brannen spreidde seg så mykje som han gjorde, seier Rake.

Erfaringsutvekslinga når det gjeld ulykkesarbeid er dessutan lita, meiner Rake. Han fortel at opplevingar frå ei ulykke sjeldan blir delte med andre enn det redningsmannskapet ein hadde med seg under ulykka.

– I Noreg må vi bli betre på systematisk rapportering. Det er dei gode på i Sverige. Vi har framleis mykje å gå på når det gjeld intern læring og erfaringsutveksling mellom redningsinstansar. Og vi har mykje å lære av å studere dei gode døma på krisehandtering.