MENY

Tar grep for god velferd

Andre nummer av Univers 2012 ligg no ute på campusane. Magasinet er spekka med forskingsnytt og nytt om utdanning og nyskaping ved UiS.

Sjå pdf-versjon av Univers nr. 2 2012.

Magasinet inneheld ein temadel om igangsetjing av nye nasjonale forskarskuler. UiA, UiN og UiS går no saman om å etablere ein tverrprofesjonell forskarskule i profesjonsfag. Målet er å utdanne nok folk innan velferdsstatens yrker i framtida, noko som er etterlyst av myndigheitene. UiS er også aktiv når ei rekkje universitet og høgskular sør for Dovre samlar seg om ei nasjonal forskarskule i teknologi.

To myter blir avkrefta i magasinet. Den eine er at mobbeprogram ikkje verkar. Den andre er at arkeologane er dei som sinker utbyggingsprosjekt.

Forskingsdelen av magasinet kjem blant anna med nytt om kva innverknad kontantstøtta har på samfunnet samt forsking om norsk ruspolitikk og kvinner med fødselsangst.

Du kan også lese om korleis barn lærer å bli demokratiske menneskje gjennom lunsjdeltaking og om toåringars matematikk-kunnskapar. Univers har også ein forskingsartikkel om korleis folk minnes dei døde i norrøn tid så vel som i dag, og ein artikkel som gjev innsikt i korleis nye land vinner fram i oppdrettseventyret.

Vidare finn du stort og smått om forsking og utdanning og formidling ved UiS, blant anna får du kjennskap til refleksjonane til to UiS-studentar med spanande studieopphald ved NASA.