MENY

– Medisinutdanning til UiS vil løfte heile Helse-Noreg

Professor dr.med. Stein Ørn peika på kor viktig det er for helse-Noreg at UiS får medisinutdanning da han talte på UiS sitt 15-årsjubileum. – Medisinutdanning til UiS vil styrke og løfte heile det medisinske miljøet i Noreg, sa han.

Stein Ørn på talarstolen under årsfesten – Ingen har råd til å la denne unike moglegheita til å etablere ei medisinutdanning ved UiS gå frå seg, sa Stein Ørn. (Foto: Mari Løvås, UiS)

Ørn, som er overlege ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) og professor II ved Universitetet i Stavanger (UiS), viste til den store medisinskfaglege kompetansen i Stavanger-regionen:

–  Vi har eit tungt og høgteknologisk fagmiljø med ei rekke sterke medisinske forskargrupper med aukande internasjonal anseelse. Det same gjeld det sterke allmennmedisinske miljøet i regionen. 

–  Den unike medisinske kompetansen i denne regionen har vore undervurdert og underkommunisert. Det har ikkje helse-Noreg råd til å halde fram med, sa Ørn.

Han viste til at UiS tilbyr ein ny og annan kompetanse til medisinutdanninga enn dei andre universiteta. Mellom anna inneheld UiS-modellen ei rekke nytenkande moment der ein gjer bruk av UiS sine unike ressursar i nært samarbeid med SUS og fastlegane i regionen.

– Ingen har råd til å la denne unike moglegheita til å etablere ei medisinutdanning ved UiS gå frå seg, sa Stein Ørn

Faglege kvalifikasjonar

Universitetet i Stavanger feirar sin bursdag den 29. oktober kvart år.  På denne datoen i 2004 blei det nemleg vedteke i statsråd at Stavanger skulle få Noregs femte universitet.  I år feira ein i tillegg 15-årsjubileum.

Klaus Mohn heldt sin første årsfest-tale som rektor. Han talte om kvalitet:

– UIS blei det første universitetet som blei etablert på grunnlag av faglege kvalifikasjonar. Dette har me grunn til å vere stolt av fortsatt i dag.

– Men samstundes må me stadig sjå framover. Og framtida for Universitetet i Stavanger ligg i hendene på dei unge. Dei unge ligg ofte tettast på forskingsfronten. Dei unge er dei som vågar å tenke nytt, sa rektor og namngav ei rekke unge framstormande forskarar ved UIS.

Men òg Mohn var oppteken av dei store utfordringane i helsesektoren. Rektoren og økonomiprofessoren peika på at dette er utfordringar som ikkje kan løysast med fleire pengar og fleire folk åleine. Utvikling av kunnskap, kompetanse og teknologi er heilt avgjerande.

– Helse og medisin og samarbeid med Stavanger universitetssjukehus (SUS) blir viktig for oss i tida framover. SUS er eit av landets seks universitetssjukehus og har mykje forsking. På UiS forskar me òg på ein rekke medisinske område som for eksempel biomedisinsk dataanalyse, medisinsk statistikk, DNA- og kreftforsking.

– Me satsar no systematisk på å etablere ei medisinutdanning ved UiS i samarbeid med SUS og kommunane kring oss. Dette gjer me fordi Helse-Noreg treng det. Og fordi alt ligg til rette for det her ved UiS og her i Stavanger, sa Mohn.

Prisar til miljøhistorie, datakontroll og studentaktiv læring

Tre prisar blei delt ut årsfesten. 

Lyses forskingspris for 2018 gjekk til professor Dolly Jørgensen og professor Finn Arne Jørgensen for deira forsking på miljøhistorie. 

Konserndirektør Grethe Høiland i Lyse viste under utdelinga til at vinnarane kom til UiS for berre litt over to år sidan, men at dei allereie har bidrege til å byggje eit forskingsmiljø som er anerkjent både nasjonalt og internasjonalt.

SR-Bank sin innovasjonspris for 2018 gjekk til bitYoga ved førsteamanuensis Antorweep Chakravorty ved UiS. bitYoga har utvikla ein teknologi som gir brukarane kontroll over eigne data. Ved bruk av blockchain, big-data og kunstig intelligens snur bitYoga datastraumen; frå lagring på serverar til lagring og kontroll hos dei som produserer innhaldet.

Læringsmiljøprisen for 2019 gjekk til Bjergsted Blåseensemble for deira betyding for læringsmiljøet ved Avdeling for klassisk musikk.

– Vinnaren er eit framifrå døme på studentaktiv læring og ein eksemplarisk kombinasjon av fagleg, pedagogisk og sosial aktivitet, sa prorektor for utdanning, Astrid B. Eggen, som delte ut prisen.  

Rekordmange nye doktorar

På årsfesten ble det delt ut vitnemål og diplom til dei som har disputert sidan forrige årsfest. I alt 62 kandidatar har disputert i denne perioden. I tillegg har Johan Jutterström frå Fakultet for utøvande kunstfag disputert innan det nasjonale programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid. Dette er ny rekord. 

Sju av kandidatane var frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora: Monica Gundersen Mitchell, Joakim Evensen Hansen, Narve Dolve, Ole Jone Eide, Per Einar Sæbbe, Dina Lialikhova og Liv Mette Strømme.

12 av kandidatane var frå Det samfunnsvitskaplege fakultet: Gennady Zavyalov, Gry Cecilie Høiland, Nina Jentoft, Kari Jæger, Lukasz Andrzej Derdowski, Bjørnar Laurila, Kjersti Berge Evensen, May Irene Furenes, Marie Røyksund, Valeriia Klova, Silje Haus-Reve og Cato Hemmingby.

15 av kandidatane var frå Det helsevitskaplege fakultet: Silje Stangeland Lie, Inger Emilie Værland, Jørgen Erland Linde, Rafal Adnan Hashim Yeisen, Kathrine Cappelen, Veslemøy Guise, Martha Therese Gjestsen, Heidi B. Bringsvor, Espen Fevang, Geir Arne Sunde, Paschal Francis Mdoe, Kine Gjesdal, Melissa Anne Elin Authén Weibell, Antje Aarthun og Aleksander Hagen Erga.

28 av kandidatane var frå Det teknisk-naturvitskaplege fakultet: Hilde Brattebø Vormeland, Mona Wetrhus Minde, Colombage Kshanthi Kalyani Perera, Gunnar Lian, Leif Inge Kjærvoll Sørskår, Oddbjørn Mathias Nødland, Dori Yosef Kalai, Sanne Lorentzen, Andreea-Laura Cojocaru, Nikhil Lakshmish Bagalkot, Rockey Abhishek, Kjartan Bjørnsen, Mohan Sharma, Remya Ravindran Nair, Ingrid Årstad, Erlendur Ingi Jonsson, Andika Rachman, Songpu Ai, Hilda Bø Lyng, Aboma Wagari Gebisa, Shengnan Liu, Aleksandr Mamonov, Seyed Ahmad Mirhaj, Yuzhu Li, Almaz Nigatu Tesfahun, Marthe Gurine Førland, Samuel Erzuah og Ashish Aeran.

– Forsking for liv og samfunn

Silje Stangeland Lie heldt takketalen på vegne av dei nye doktorane. Ho utfordra dei nye doktorane til å tenkje på korleis dei best kan bidra til samfunnet innan sine respektive fagfelt.

– La oss halde fram med forsking som vil bety noko for liv og samfunn, sa ho.

Årsfesten bydde òg på god underhaldning av den musikalske sorten frå Randi Tytingvåg Trio samt baryton Lasse Økland og pianist Maria Bue Kessel frå Fakultet for utøvande kunstfag.

Tekst: Elin Nyberg

Nye doktorer

På årsfesten ble det delt ut vitnemål og diplom til dei som har disputert sidan forrige årsfest. (Foto: Mari Løvås, UiS)