MENY

Menn taklar bedriftsnedlegging dårleg

– Når far opplever at arbeidsplassen blir lagd ned, aukar sjansen for skilsmisse, og barna får lågare karakterar i skulen. Slik er det ikkje for mor, seier førsteamanuensis Mari Rege ved Universitetet i Stavanger.

Saman med Kjetil Telle i Statistisk sentralbyrå og Mark Votruba ved Case Western Reserve-universitetet i USA har ho sett på korleis bedriftsnedleggingar påverkar arbeidstakarane sine familiar. I to prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd finn forskarane fleire interessante samanhengar mellom jobb og heim.

Fleire skilsmisser
– Når pappa mister jobben på grunn av nedlegging, aukar sjansen for skilsmisse med elleve prosent. Funna våre viser at det er klart fleire skilsmissar blant menn som har vore gjennom ei nedlegging, enn blant dei som ikkje har det, seier Rege.

Ho poengterer at dette ikkje skuldast ei overhyppigheit av tilsette med samlivsproblem i dei nedlagde bedriftene. Det var nemleg ikkje høgare skilsmissefrekvens i desse bedriftene før nedlegginga enn i andre bedrifter.

Når mor mistar jobben på grunn av nedlegging, får det ikkje same konsekvens. Sjansen for skilsmisse aukar ikkje slik som for menn.

Lågare karakterar
I studien har dei tre forskarane analysert registerdata frå Statistisk sentralbyrå. Funna viser at det er skilnad mellom menn og kvinner også når det gjeld barnas karakterar på skulen etter ei nedlegging som har kosta mor eller far jobben.

– Når vi kopla arbeidstakardata til karakterane til barna på tiande trinn, fann vi at barna til menn som opplever nedlegging, i gjennomsnitt får ein heil karakter dårlegare i eitt av avgangsfaga enn andre barn. Om mamma mistar jobben, gjer barna det tvert om betre på skulen, seier Rege.

Også her meiner ho og kollegaene at det er sjølve nedlegginga av arbeidsplassen som svekkar skuleprestasjonane.

– Også i dei tilfella der nedlegging ikkje fører til skilsmisse, gjer barna det dårlegare på skulen, forklarer Rege.

Identitetskrise
Dei tydelege skilnadene mellom menn og kvinner i undersøkinga kan forklarast ut frå sosiologiske rolleteoriar, meiner ho.

– Ei forklaring kan vere at mødre som mister jobben, bruker meir tid i heimen, til dømes med å hjelpe barna med lekser. Dei har gjerne ein større del av sin identitet knytt til heimen enn det menn har.

Rege trur at ei mogleg forklaring er at kvinner i større grad enn menn kanaliserer kreftene inn i heimen når dei mistar jobben. Menn opplever gjerne ei større identitetskrise når arbeidsplassen blir lagd ned, og dei klarer ikkje å skåne ekteskapet eller barnet for belastinga.

– Det var i grunnen eit overraskande funn at konsekvensane var så store for menn, seier Rege, som vil forske vidare på sosiale normer og kva for forventingar dei skaper til mannen og kvinna sine roller i heimen og på jobben.

Tekst: Silje Stangeland
Foto: Elisabeth Tønnessen