MENY

Møt UiS på Nordic Edge!

Universitetet i Stavanger er til stades både som arrangør, foredragshaldar og utstillar på Nordic Edge Expo 2019. Vi håper å møte deg der!

Foto av mann med virtual reality foran grafikk av molekylstrukturar UiS-professor viser fram virtual reality under Nordic Edge 2017

Nordic Edge, Nordens største smartby-konferanse og messe, blir arrangert i Stavanger kvar september. Det er ein møteplass der Universitetet i Stavanger ønsker å treffe private og offentlege aktørar som vil ha kontakt med oss.

UiS står også som arrangør for fleire arrangement, ikkje minst arrangerer UiS Nordens leiande EdTech-konferanse under Nordic Edge. 

Stand

I år UiS har faktisk ein dobbel stand, D10 og D5. På den eine sida får du høyre om universitetet sine løysingar for ei smartare framtid, og korleis du kan samarbeide med oss.

Går du gjennom portalen til den andre sida, blir du sendt 1000 år tilbake i tid, der vikingar frå Arkeologisk museum viser deg smarte løysingar frå jernalderen.

Desse kan du møte på UiS sin stand:

Universitetet sin stand er bemanna heile dagen tysdag, onsdag og torsdag.

UiS er også involvert i ei rekke foredrag og arrangement:

Måndag 23. september

Dagen før Nordic Edge opnar, brakar det laus med avslutningskonferanse for smartby-prosjektet Triangulum. Her vil du få vite kva prosjektet har betydd for byane som var med, og korleis lærdomen frå prosjektet kan nyttast av andre.

Som deltakar i prosjektet vil representantar frå UiS vere til stades.

Det er gratis inngang til arrangementet, som går føre seg heile dagen på Radisson Blu Atlantic Hotel. 

Program og påmelding til Triangulum-konferansen her

Tysdag 24. september

Triangulum og Europakommisjonen fortset med å fortelje om dei europeiske fyrtårnbyane, både dei som er ferdige med sine prosjekt og dei nye som no er i gang.

Kommisjonen ser også framover mot moglegheitene som kjem i EUs neste rammeprogram for forsking, Horizon Europe.

Som deltakar i Triangulum vil representantar frå UiS vere til stades.

Tid og stad: 13.30 – 17.30, Snønuten (øvre etasje på konferansesenteret)

Onsdag 25. september

Forskarar frå UiS deltek på ulike scener under konferansen:

Responsible Innovation in Digital Health: Empowering the Patient: Tatiana Iakovleva, Thomas Laudal mfl. presenterer funn fra prosjektet.

Tid og stad: 10.45 – 11.45, Uburen (øvre etasje på konferansesenteret)

Building Partnerships for Sustainable City Development: Rektor Klaus Mohn held foredraget How to accelerate the green shift in research. Helleik L. Syse frå Future Energy Hub er konferansier.

Tid og stad: 11.00 – 12.15 Lysefjord B på konferansesenteret.

What about humans, culture and nature in the smart city? Paneldebatt med tre UiS-forskarar: Kristiane Lindland (Institutt for medie- og samfunnsfag), Truls Engström (Norsk hotellhøgskole) og Sean Denham (Arkeologisk museum). Moderator: Anders Riel Muller, leiar for smartby-nettverket ved UiS. 

Tid og stad: 14.00 – 15.30, Uburen (øvre etasje på konferansesenteret)

Torsdag 26. september

Dette er KnowHow EdTech-dagen, som Universitetet i Stavanger arrangerer. Konferansen dreier seg om læringsteknologi og er aktuell for tilsette i skulen, ved universitet og for næringslivet.

Overordna tema i år er The impact of EdTech, og programmet dekker emne som spillteknologi i skole og opplæring, nett-troll, maskinlæring, kunstig intelligens og motstand mot læringsteknologi.

Mellom anna skal Natalia Kucirkova, professor ved Læringsmiljøsenteret, halde foredraget Connecting Research to Practice: Personalised Education.

Tid og stad: 14.40 – 15.00.

EdTech varer heile dagen. Sjå heile programmet for EdTech 2019 her


Same dag er UiS med og organiserer eit anna heildags arrangement, nemlig Pumps & Pipes-seminaret Sharing competence and technology for a smarter future. Tema er korleis teknologi og metodar kan overførast frå ein bransje til ein annan. Her er Thor Ole Gulsrud og Hilda Lyng Bø frå UiS blant dei som skal halde foredrag.

Tid og stad: 09.00 – 15.00, Lysefjord A på konferansesenteret

I tillegg held rektor Klaus Mohn foredraget Global Challenges and Universities Response under sesjonen Plastic Fantastic.

Tid og stad: 09:20 – 09.40, Mostun

Har du nokre spørsmål eller ønsker å møte representantar for UiS under Nordic Edge Expo? I så fall send ein e-post til arbeidslivskontakt@uis.no

Ønsker du samarbeid om studentoppgåver eller forskningsprosjekt? Besøk samarbeid.uis.no!

Tekst: Leiv Gunnar Lie