MENY

Nasjonalt rektormøte på UiS

Marit Boyesen var vertskap for Nasjonalt rektormøte i dag. Toppleiarane på alle åtte universitet var samla på Universitetet i Stavanger.

Målet med desse møta, som haldast med jamne mellomrom, er å diskutere viktige saker som er felles for universiteta i Noreg.

Denne gangen diskuterte rektorane mellom anna Forskingsmeldinga, fellesløftet i høve til Forskingsrådets frie prosjektstøtte (FRIPRO), samarbeidet mellom dei «gamle» og «nye» universiteta samt utdanning og forsking i Nordområda.