MENY

Nettbaserte kurs for arbeidsledige og permitterte

UiS har nyleg sikra seg over 13 millionar kroner til fleksible og nettbaserte kurs mynta på arbeidsledige og permitterte.

Samarbeid foran pc Stadig fleire får tilgang til å ta fag ved UiS gjennom nettbaserte kurs og studier.

Etter utbruddet av korona har mange norske bedriftar måtta permittere tilsette, og arbeidsløysa i landet har meir enn dobla seg dei siste månadane. Det er bakgrunnen for at Stortinget har sett av midlar til tiltak for at fleire av dei som er arbeidsledige og permitterte kan få påfyll og utdanning. 

Heildigitale, fleksible studiar

Nyleg fekk Universitetet i Stavanger finansiering til åtte nye nettbaserte studietilbod spesielt med tanke på denne målgruppa. Dimed sikra UiS seg ein solid del av potten på nær 50 millionar kroner, som vart utlyst tidlegare i år av Kompetanse Norge og DIKU – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning.

– Desse åtte heildigitaliserte studiemodellane hadde vi ferdig utvikla, men vi mangla ressursar til å rulle dei ut i større skala. Det får vi no høve til, fortel Frode Leidland, leiar for etter- og vidareutdanninga ved UiS. 

Sjå kursa UiS tilbyr som er retta mot permitterte og arbeidsledige

I tillegg fekk UiS 5,6 millionar kroner til å etablere tre fleksible desentraliserte utdanningstilbod som skal gjere det enklare for etablerte vaksne å ta fag utan at dei må studere fulltid eller vere på campus for å få tilgang til utdanninga.

– Då denne krisesituasjonen dukka opp, hadde UiS allereie utvikla fleire fleksible studiemodellar som er heildigitale. Fordelen med heildigitaliserte studietilbod er at dei kan gjennomførast når studenten sjølv ønskjer det, og heilt uavhengig av kor ein bur i landet – eller verda for den saks skuld, forklarer Leidland. 

UiS nest mest

Det var i førre veke at resultata frå utlysinga som gjaldt nettbaserte utdanningar som kunne tilbys raskt, vart offentleggjorde av Kompetanse Norge.

UiS gjer det godt samanlikna med dei andre institusjonane i denne søknadsrunden og får nest mest midlar med til saman 4,7 millionar kroner på dei åtte studietilboda. Mest fekk Høyskolen Kristiania for fem studietilbod på til saman 7,0 millionar kroner.

Kursa som UiS tilbyr permitterte og arbeidsledige til hausten med midlar frå DIKU, er etablerte og kvalitetssikra nettbaserte utdanningar: Grunnleggjande HMS-leiing; Digitale dirigentstudiar; Entreprenørskap for musikarar; Grunnleggjande rekneskap og årsavslutning; Budsjettering og oppfølging; Analyse av finansregnskapet; Kostnadsstruktur og kalkylar; Beslutningsproblem.

– Vi håper sjølvsagt også at vi kan oppskalere dette studiedesignet til å gjelde fleire kurstilbod, med ulik tematikk, men det krev finansiering. Vi måtte i denne omgangen prioritere dei viktigaste premissa i utlysinga, nemleg «rask» og «digital levering», forklarer Leidland. 

At UiS fekk alle sine søknadar innfridd meiner Leidland er eit prov på eit fleksibelt studiedesign og relevansen i faga.

Les også saka 29 lærestedet får 50 millioner kroner til nettbasert opplæring for arbeidsledige og permitterte på regjeringen.no

Tilpassar utdanningar til nye målgruppe

UiS har også fått 3 millionar kroner frå DIKU for å tilpasse etablerte utdanningar til permitterte og arbeidsledige. 

– Vi har gjort ei intern kartlegging ved fagmiljøa våre for å sjå korleis vi kan tilpasse kurs på andre fagområde retta mot arbeidsledige og permitterte. Dette gjelder tilpassingar som i all hovudsak dreier seg om digital distribusjon av eksisterande kurstilbod. Med desse 3 millionane vil vi kunne finansiere ytterligare 18 kurs innan andre fagområde.

Til saman får UiS altså 7,7 millionar kroner for å tilpasse allereie eksisterande tilbod. Samla sett vil desse midla finansiere 26 digitaliserte utdanningstilbod i den aktuelle perioden, det vil seie ut 2020.

Fleksible tilbod innan klima og kordirigering

DIKU lyste også ut midlar i januar til fleksible tilbod som skulle gje fleire tilgang til utdanning uavhengig tid, stad og livssituasjon. UiS fekk tilslag på 5,6 millionar: 2 millionar kroner for studiet «Servicedesign og teknologi for berekraftig nærings- og samfunnsutvikling», 2,8 millionar for studiet «Klimatilpassing og berekraftig omstilling i eit samfunnssikkerheitsperspektiv», i tillegg til at kurset «Kompetende kordirigentar i heile landet» fekk 750 000 kroner.

Leidland fortel at sektoren opplever større svingingar i marknaden enn tidlegare, og at behovet for meir dynamiske studiemodellar er veksande.

– Vi har eit tydeleg samfunnsoppdrag i det å tilby relevante utdanningar som er fleksible og tilpassa dei behova som finst. Derfor har UiS jobba hardt for å imøtekome behovet, fortel Leidland.

Tekst: Karen Anne Okstad