MENY

- Noko for alle under Ugå 2008

Ugå 2008 spenner vidt. Mellom anna kan du som student få med deg konsertar med Bertine Zetlitz, National Bank, Madcon og Band of Horses, samt bokbad, religionsdebatt og 70-tals fest.

Ugå går av stabelen frå 27. februar til 9. mars og er eit tilbod til studentar som vil nyte kultur i 12 dagar til endes. Anten du vil ta på deg slengbukser og høghæla sko eller delta på cocktail-kurs garanterer Ugå-sjef Aurora Mykland at du vil bli nøgd.

Stor breidde
- Vi har lagt stor vekt på breidde i programmet. Vi ønskjer at alle studentar skal bli freista av det vi har å tilby, seier ho.

Av høgdepunkt nemner ho konsertane med amerikanske Band of Horses i tillegg til Bertine Zetlitz, National Bank og Madcon. Ho gler seg elles til å få studentar med på bokbad med forfattar Asbjørn Bakke og teikneserieforfattar Karine Haaland. I tillegg kjem Atle Antonsen, Johan Golden og Berit Bouman i trioen DDR.

Foredrag og film
Det vil også bli foredrag om verdsrommet og filmframsyning av ”Evighetens dag”. Siri Kalvig og Hilde Holdhus vil dessutan halde klimaforedrag på UiS.

- Interessa for Ugå er stor både frå studentar og andre. Fleire og fleire veit kva Ugå er og får med seg kva vi har å tilby. No er det berre for studentane å kome seg ut, seier Mykland, som gler seg til å kome i gang med den store årlege festivalen for og med studentar.

Sjå heile programmet til Ugå 2008