MENY

Nøktern og nobel jærbu på UiS

Tidligare i år blei nobelprisvinnar Finn E. Kydland tilsett som professor II ved Universitetet i Stavanger. Han roser det faglege finansmiljøet ved universitetet og liker godt å vere tilbake på heimlege trakter nokre gonger i året.

Den utflytta gjesdalbuen er busett i Canada med sin amerikanske familie. Finn E. Kydland blei i 2005 utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Stavanger og seinare tilknytt Norsk hotellhøgskole – Institutt for økonomi- og leiing (NHS-IØL) som professor II i makroøkonomi. Gjennom professor-stillinga ved UiS underviser han studentar, samstundes som han er ein inspirator og bidragsytar i fagmiljøet ved instituttet.

– Det er mykje interessant forsking ved Universitetet i Stavanger og eg liker meg godt her, seier Kydland.

Den audmjuke nobelprisvinnaren Finn Kydland har i løpet av dei siste månadene vitja universitetet fleire gonger, mellom anna for å ha samtaler med forskingsmiljøet ved NHS-IØL og med sentrale aktørar i finans-miljøet i Stavanger.

No pendlar han mellom heimen sin i Canada, professorstillingar ved dei amerikanske universiteta Carnegie Mellon University i Pittsburgh og University of California i Santa Barbara, samt professor II-stillingar ved UiS i Stavanger og ved Norges Handelshøyskole.

Fødd på Ålgård
Finn Kydland blei fødd i 1943 på Ålgård i Gjesdal kommune i Rogaland. Her har han framleis familie og slekt. Den unge jærbuen fatta tidlig interesse for tal og økonomi og utdanna seg til siviløkonom ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1968. Etter nokre år i Bergen, drog han til USA og tok si doktorgrad under Edward C. Prescotts rettleiing ved Carnegie Mellon University i 1973.

I 2004 fekk Kydland og Prescott Nobels minnepris i økonomi for sitt arbeid og bidrag til dynamisk makroøkonomisk teori: ”Den økonomiske politikkens tidskonsistens og konjunkturens drivkrefter”. Ifølgje Den svenske Kungliga Vetenskapsakademi som deler ut prisen, har Kydland og Prescotts sitt arbeid hatt stor praktisk betyding for penge- og finanspolitikken i mange land.
Kydland nyttar gjerne høvet til å snakke politikk på sine mange reiser rundt i verda. Folk lyttar gjerne til ein nobelprisvinnar.

Ønskjer å påverke
– Det er ei av dei store endringane i livet mitt etter at eg fekk nobelprisen. Eg møter oftare dei øvste myndigheiter i mange land, og på mitt besøk i India tidligare i år nytta eg dette høvet til å snakke politikk. Kanskje klarer 
eg å påverke litt.

Kydland er ein etterspurd føredragshaldar og får mange attraktive invitasjonar til ulike arrangement.

– Dei fleste takkar eg nei til. Eg drar berre på dei turane kor eg kan ha med meg kona mi. Sist var me i Shanghai. Det var spennande.

Renteoppgang, opsjonsskandalar og andre finansnyhende som har prega media dei siste månadene i Noreg og USA, har han lite å seie om. Han les ikkje norske aviser, og det står lite om norske hendingar i canadiske media. Men, på spørsmål om kva som driv ein forskar vidare etter å ha nådd så langt som han har, er han klar.

– Eg har jo ikkje slutta å forske, og nobelprisen har gitt meg betre tilgong på forskingsmiddel enn nokon gong.

Etter at han fekk nobelprisen, stifta Kydland det uavhengige forskingsinstituttet LAEF (Laboratory for Aggregate Economics and Finance) ved University of California, Santa Barbara. Forskingssenteret arrangerer konferansar og workshops i økonomi. Hit kjem forskarar og studentar frå heile verda med uferdige prosjekt og for å ha fruktbare, faglege diskusjonar.

Kydland hadde på førehand bestemt seg for at senteret skulle forkortast LAEF, etter Leiv Eriksson som oppdaga Amerika. Det tok ei tid før han fann eit namn som passa forkortinga, innrømmar han.

Finansmiljøa i Noreg
Sjølv trur ikkje Kydland at flyttinga til USA har vore ein føresetnad for at han har nådd så langt som han har gjort fagleg, og peikar på at det var i Noreg han skreiv sitt første «paper» om makroøkonomi i tida 1973-1976.

– Ser vi på det totale arbeidet mitt, kunne eg nådd dei same resultata her. Den største skilnaden på Noreg og Amerika er nok volumet.

Noreg har fleire personar å vere stolt av i denne samanhengen, meiner Kydland, og trekk mellom anna fram professor i makro-økonomi, Kjetil Storesletten, som han var rettleiar for då Storesletten fekk si doktorgrad ved Carnegie Mellon University.

– Men i Noreg, også her ved UiS, er det stor fysisk avstand mellom forskarane. Eg har stor tru på, og sjølv god erfaring med, at endringar i det fysiske miljøet kan gje svært positive resultat.

Kydland gler seg over å kunne bidra til å byggje opp det unge og vaksande økonomimiljøet i Stavanger.

– Eg tykkjer det er eit spennande fagmiljø her, og så er det jo ganske praktisk å vere på desse kantar av verda for å vitja slekta mi på Ålgård, seier Kydland.

Likar utelivet
Rykta går også om at den rolege og sporty forskaren kan vere svært så sosial og uthaldande dei gongene ei fagleg samling med kollegaer på UiS blir avrunda med eintur på byen.

– Det har skjedd store endringar her sidan eg flytta, og det er mange kjekke utestader, men eg nyttar meg vel så ofte av naturen her, og den er jo den same. Vi kjører ofte tur når eg er heime. Det likar mor godt.

Kort om Kydlands forsking
Finn E. Kydlands forsking dreier seg i hovudsak om makroøkonomi og konjunktur-svingingar; om kvifor tilbod av arbeidskraft, investeringar og brutto nasjonalprodukt endrar seg og om myndigheitene si rolle i denne samanhengen.

Finn Kydland har skrive to banebrytande artiklar som gav han Nobels minnepris i økonomi saman med professor Edward C. Prescott i 2004. Den første artikkelen skreiv han på Norges Handelshøyskole i perioden 1973-1976. Artikkelen handlar om tidsinkonsistensproblemet i økonomisk politikk. Den peiker på eit grunnleggjande problem med økonomisk politikk - når marknadsaktørane har rasjonelle forventningar om framtidig økonomisk politikk, vil det vere ein fordel for myndigheitene å innføre klare, truverdige reglar for politikken sjølv om slike reglar avgrensar myndigheitenes handlefridom.

Kydland flytta til USA på slutten av 1970-talet og saman med Edward C. Prescott skreiv han då artikkelen om konjunkturteori. I artikkelen viser dei to forskarane korleis endringar i teknologi kan skape svingingar i økonomien. Årsakene til konjunktursvingingar og utforminga av økonomisk politikk høyrer til dei mest sentrale områda innanfor makroøkonomisk forsking.

Tekst: Cecilie Wathne
Foto: Håkon Vold