MENY

Norsk er også eit framandspråk

Vårt eige språk er eit framandspråk for nokre. Kinesiske Xiaofeng Pu studerer norsk for internasjonale studentar ved Universitetet i Stavanger. – I Kina har vi ikkje lyder som r, så for kinesarar er det vanskeleg å lære norsk. Men det går betre no, seier Pu.

Ti norske universitet og høgskular byr på norsk som framandspråk – i denne samanheng kalla andrespråk. Det finst eit fag for utanlandske studentar og personar med minoritetsspråkleg bakgrunn som skal lære norsk, og eit fag for dei som sjølv ynskjer å undervise i faget.

– Som ein konsekvens av globaliseringa får vi eit stort behov for å lære fleire språk, men andre treng også å lære seg norsk, seier Lars Anders Kulbrandstad, nestleiar i Nasjonalt fagråd for norsk som andrespråk.

– Dette er eit svært viktig fag. Forståing, respekt og kunnskap om kvarandre er viktigare enn nokon gong, seier leiar Else
Ryen i fagrådet.

Obligatorisk fag
Kinesiske Xiaofeng Pu er ein av 46 studentar på norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar ved UiS. Faget er obligatorisk for å få studere i Noreg, og studentane kjem mellom anna frå Kina, Japan, USA, Polen, Ukraina, Etiopia, Kamerun og Israel.

All undervisninga er på norsk. Når året er omme, skal studentane halde eit nivå som gjer det mogleg å studere andre fag på norsk.

– Det kan ta mellom fire og ni år å lære seg eit nytt språk, men våre studentar klarer det på eit år fordi dei har god skulebakgrunn og er flinke i engelsk, forklarer universitetslektor Elisabeth Egeli ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved UiS.

Saman med kollega Wenche Thomassen lærer ho studentane kvardagsnorsk, samt eit litterært og akademisk språk. Studentane får både kommunikativ kompetanse og ei innføring i delar av norsk kultur og samfunnsliv.

Treng språk
Etter 18 månader i Noreg er Xiaofeng Pu over den verste kneika og kan både forstå og gjere seg forstått på norsk. Det kjem godt med når han skal ta fatt på studium i økonomi.

– Heldigvis har eg norske vener som eg kan snakke med utanom skulen, seier Pu.

Russiske Olesya Chayko har budd i Noreg i tre år, men har for det meste nytta engelsk. No lærer ho seg norsk fordi ho ynskjer å bli petroleumsingeniør og meiner det er naudsynt å kunne språket for å jobbe i Noreg.

– Samstundes ynskjer eg å lære meir om det norske samfunnet, så undervisinga her ved UiS er svært nyttig, seier Chayko.

Har lært mykje
Ninga Papi Oumarou frå Kamerun og Eran Deutsch frå Israel har også planar om å studere ingeniørfag i Noreg og prøver å få norskkunnskapane på plass før dei byrjar på utdanninga.

Oumarou har fått stort utbytte av å studere norsk språk og samfunnskunnskap.

– Eg har lært mykje om norsk litteratur og kultur. Det er lærerikt å vite noko om norsk historie og korleis Noreg har utvikla seg sidan krigen, seier Oumarou.

– Eg synest det går greitt å lære norsk. Studieopplegget er veldig kjekt og lærarane er flinke, fortel Deutsch.

Eit fag i vekst
Norsk som andrespråk blei etablert som fag kring 1980. På dei 27 åra som har gått, har faget vakse både i talet på studentar og tilsette, vitskapleg produksjon og internasjonalt kontaktnett. Det er blitt etablert både tidsskrift og forskingskonferansar.

– Studentmassen tel meir enn tusen studentar årleg, opplyser Else Ryen i Fagrådet. Av desse vel mange å ta eit årsstudium, sjølv om det også er moglegheiter for å ta kortare kurs. For dei som vil undervise i faget, er det mogleg å studere norsk som andrespråk opp til mastergradsnivå.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam
Foto: Eivind Biering-Strand