MENY

Norsk Studentunions 54. landsting

Studentorganisasjonen StOr arrangerer landsting for Norsk Studentunion frå fredag 11. april til søndag 13. april i Kjølv Egelands hus ved Universitetet i Stavanger.

Det 54. landstinget opnast fredag klokka 12 i Tjodhallen. Under opninga vil leiar i Norsk Studentunion, Per Anders Langerød, UiS-rektor Aslaug Mikkelsen og ordførar i Stavanger, Leif Johan Sevland, delta. Det vil også bli helsingstalar frå andre organisasjonar. Laurdag 12. april vil statsråd Tora Aasland møte studentane.

Nokre av sakene som skal tas opp på landstinget er forskingspolitisk plattform, studiefinansieringspolitisk plattform og psykisk helse.

Meir om Norsk Studentunions landsting