MENY

Ny avtale med University of California – Berkeley

Ein ny konsortiumavtale mellom University of California, Berkeley og dei seks norske universiteta kom nyleg på plass. Avtalen opnar for at kvar av institusjonane kan sende opp til 4 studenter på master- og doktorgradsnivå til Berkeley kvart år utan å betale skulepengar.

– Dette er ein unik sjanse for våre studentar. Berkeley reknast for å vere blant verdas desidert sterkaste universitet, og vi er svært nøgde med at dei opnar for at våre studentar kan studere gratis ved denne prestisjeinstitusjonen, seier Karoline Høibo, førstekonsulent i utdanningsavdelingen ved UiS

Studentane frå UiS kan tilbringe eit eller to semester ved UC Berkeley. Universitetet har dessutan det tredje største universitetsbiblioteket i USA..

Les meir om avtalen på våre nettsider.