MENY

Ny biografi om Olav Duun

Førsteamanuensis Heming Gujord ved UiS har skrive bok om forfattar Olav Duun. I biografien "Olav Duun. Sjøtrønder. Forfatter" fortel Gujord om ein mediesky diktar.

Heming Gujord skriv om ein forfattar som førte eit regelmessig, skrivande liv år for år etter at han debuterte med ei samling forteljingar i 1907: "Løgelege skruvar og anna folk". I tjue år veksla Duun mellom rollen som forfattar og folkeskulelærar i Holmestrand.

Ifølgje Gujord syder Duuns bøker av indre liv og sterke spenningar mellom personane. Dette er stoff han hentar frå staden han kom frå, øya Jøa i Ytre Namdalen kor det herska strenge normer for næringsliv og sosialt tilhøyre.

Stort tekstunivers
- I biografien har eg valt å vie stor plass til Duun sitt tekstunivers, fortel Gujord, som gir ein omfattande presentasjon av romanane til Duun, blant dei "Juvikfolket", "Ragnhild-trilogien" og "Menneske og maktene".

Gujord har lenge forska på forfattarskapet til Olav Duun. Han har teke si doktorgrad på Duuns verk "Juvikfolket" og han skreiv si hovudoppgåve i nordisk litteratur om Olav Duun.

Ordets mann
- Olav Duun var ein ordets mann. Han var både anerkjent i samtida og han er anerkjent i dag. Som forfattar var han unik i kraft av sin måte å fortelje på der han kopla det lokale med det universelle, seier Gujord.

- Som person var Olav Duun svært mediesky og tilbaketrekt, samstundes som han var ein offentleg person i lys av rolla som forfattar. Dei indre konfliktane han opplevde er interessante, konstaterer Gujord.