MENY

Ny bok fra Inge Særheim

I boka "Stadnamn i Rogaland" gir UiS-professor Inge Særheim ei forklaring på dei mest nytta og viktigaste stadnamna og namneledda i fylket. Onsdag 29. august klokka 13 gir han ein presentasjon av boka hjå Sis Bok.

- Her er opplysningar om namnebruk, dialektuttale, eldre skrivemåtar, namnetyding, bakgrunn for namna og tilvising til faglitteratur. Dette er ei oppslagsbok der namna og namneledda er presenterte i leksikonartiklar, fortel Særheim, som har teke føre seg så mykje som 5000 namn og namneledd.

- Stadnamna er viktige kulturhistoriske kjelder som gjev viktige opplysningar om språket vårt, dessutan om samfunnsliv, arbeidsprosessar, førestillingar og natur, seier han.

Spesielle stadnamn
- Rogaland har mange svært spesielle stadnamn. Knapt nokon annan stad i Norden finn ein så stor konsentrasjon av namn som ikkje er laga til kjende ord i språket vårt, som Sola, Soma, Hinna, Viste, Orre, Lima, Hårr, Fister, Bokn og Ombo, seier Særheim og held fram:

- Det dreiar seg gjerne om gamle gardsnamn på Jæren og fjord- eller øynamn i Ryfylke. Slike namn er svært gamle og opphavet til fleire av dei er uvisst. Rogaland har òg mange namn med etterledd som er vanlege i norske stadnamn, som til dømes Bryne som har såkalla vin-namn og Bjerkreim som har heim-namn. 

- Det finst elles om lag 10 namn på -ang eller -anger, som Jøssang, Tananger og Stavanger. Namn som dette og mange andre namn og namneledd har eigne oppslag i boka, fortel han.

Stort innsamlingsarbeid
Inge Særheim si systematiske registrering av stadnamn i Rogaland tok til i 1982 og var finansiert av Rogaland fylkeskommune. Prosjektet har blitt utført ved UiS (HiS, HSR, RDH) og IRIS (Rogalandsforskning). I følgje Særheim er det samla inn om lag 150 000 stadnamn frå alle kommunane i Rogaland.

"Stadnamn i Rogaland" er den tolvte boka som Særheim har skrive med bakgrunn i stadnamn som er samla frå Rogaland og tilgrensande område, som Sirdal.

Boka kan nyttast i utdanning, forsking og formidling, av forskarar, studentar, lærarar og elevar, og i offentleg administrasjon, i allment kulturarbeid, og av vanlege folk som er interesserte i kultur og tradisjon og som gjerne vil vita kva ulike stadnamn frå Rogaland tyder.

Presentasjon
Boklanseringa til Særheim finn stad i SiS Bok, foajeen i Kitty Kiellands Hus, Kristine Bonnevies vei 30 onsdag den 29. august klokka 13. Meld deg på innan 27. august til SiS Bok på telefon 51 83 33 33 eller per mail mette.reke@sis.uis.no