MENY

Ny instituttleiar for matematikk og naturvitskap

Gro Johnsen (53) er tilsett i åremålsstilling som leiar av Institutt for matematikk og naturvitskap ved UiS.

Det vart vedteke i styremøtet for UiS onsdag 18. april.

Gro Johnsen har bakgrunn frå både forsking og leiing. Ho tok doktorgrad (ph.d.) innanfor epidemiologi/mikrobiologi ved Noregs Veterinærhøgskole i 2006. Ho er cand.scient i mikrobiologi og cand.mag i kjemi.

I tillegg har ho pedagogisk seminar.

Frå 2007 har Johnsen vore tilsett som fagansvarlig sjefsingeniør ved IVAR IKS, det interkommunale vatn-, avløps- og renovasjonsverket på Nord-Jæren. I dag er ho fagansvarlig ved planavdelinga.

Johnsen har vore timelærar ved Institutt for matematikk og naturvitskap sidan 2006.

I åra 2004-2006 var ho stipendiat ved Veterinærinstituttet. Før det, i perioden 1993-2003, var ho konsulent, driftsleiar og avdelingsleiar ved Næringsmiddeltilsynet. Frå 1985 til 1993 var ho forskar/seniorforskar, samt leiar for mikrobiologisk gruppe ved Norconserv.

Ho har også vore lektor i vidaregåande skule.

Etter planen skal Johnsen ta over som leiar ved Institutt for matematikk og naturvitskap (IMN) den 1. september 2012. Ho tek over for professor Bjørn Hjertager.