MENY

Ny instituttleiar for petroleum

Professor Bernt Aadnøy har takka ja til å vikariere som leiar ved Institutt for petroleumsteknologi på UiS det neste halve året.

Aadnøy fungerer som instituttleiar frå og med i dag, 16. april, og seks månader fram i tid.

Dette skjer etter at tidlegare instituttleiar, Svein Skjæveland, tysdag trakk seg frå stillinga. Det er av omsyn til helsa at Skjæveland no går tilbake til sin vanlege professorstilling.