MENY

Ny kompetanse til helse- og omsorgstenestene

Det var ein stor festdag då Det helsevitskapelege fakultet feira årets avgangskull med masterseremoni i Kjell Arholms hus.

  • Dekan Kristin Akerjordet ønsker velkommen til seremoni
    Dekan Kristin Akerjordet ønska både kandidatar og familie velkommen til masterseremoni.
  • Prodekan for utdanning gratulerer kandidat med fullført grad.
    Prodekan for utdanning, Bjørg F. Oftedal gratulerer kandidat med fullført grad.
  • Kristin Akerjordet og Inger Cathrine Bryne
    Både Dekan og årets hovudtalar Inger Cathrine Bryne la vekt på behov for ny kompetanse i helsetenestene i sine talar.
  • Karianne Uenes og Mona G. Mikkelsen
    Karianne Uenes og Mona Gundelach Mikkelsen er glade for å ha fullført Master i rus- og psykisk helsearbeid.

Masterseremonien ved fakultetet er ein høgtideleg feiring av alle masterkandidatar med talar, musikkunderhalding og utdeling av litografi. Om lag 70 kandidatar feirar i år at dei har fullført masterutdanning innan spesialsjukepleiehelsevitskap, og rus- og psykisk helsearbeid.

Kompetanseløft for helsesektoren

Sentralt i programmet for kvelden var velvalde ord ifrå dekan ved Det helsevitskapelege fakultet, Kristin Akerjordet, student Camilla Seljemo  og Hildegunn Sagvaag, professor i rusproblematikk.

Dekanen framheva at graden representerer auka kunnskap innan eiget fagfelt og evne til kritisk tenking som ho oppfordra kandidatane å ta med seg ut i arbeidslivet for å vidareutvikla helsetenestene til det beste for pasientar og pårørande.

Årets hovudtalar var Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør ved Stavanger Universitetssjukehus. Ho representerer ein av mange aktuelle arbeidsplassar for dei uteksaminerte kandidatane. Bryne peikte på fleire viktige problemstillingar som må løysast innan helsesektoren i nær framtid. Både høgare krav til kvalitet i tenestene, press til omstilling og den teknologiske utviklinga gjer at sektoren har behov for tilsette med tverrfagleg kompetanse.

– Det er avgjerande at folk med dykkar kompetanse bidrar i denne utviklinga!, avslutta Bryne.

Første kull i rus- og psykisk helsearbeid

Masteren i rus- og psykisk helsearbeid blei oppretta i 2017, og dette er første kullet som blir uteksaminert. Studiet vart utvikla som følgje av politiske føringar om å sjå rusavhengighet og psykisk helse under eitt. Auka krav til samhandling og samordning mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta, NAV og spesialisthelsetenesta, skaper òg behov for ny kompetanse.

Karianne Uenes og Mona Gundelach Mikkelsen er to av dei første kandidatane som no har fullført Master i rus og psykisk helsearbeid. Dei var sjølvsagt glade for å ha fullført, men påpeikte at dei fortsatt ventar i spenning på resultat på masteroppgåva!

Musikalske innslag var av Mariya Karpinets, tidlegare student ved Fakultet for utøvande kunstfag, og Thomas Hovgaard.

Tekst og foto: Cathrine Sneberg